Me gjentek suksessen med fjellspringing over det flotte høgfjellsterrenget på Gråsida. Springinga er ikkje lagt opp som ein konkurranse med tidtaking - her står meistringskjensla, det sosiale og naturopplevingane i fokus.
Du står sjølvsagt fritt til å konkurrera mot deg sjølv eller berre ha ein herleg dag til fjells med andre. På turen over Gråsida er også nokre av Voss Utferdslag sine springeambassadørar med, og dei vil springa i ein fart som gjer at turen tek om lag 3,5 time.
Påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/428760#/
Trasè:
Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene. Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake til Voss. Start frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.
Bemanna sjekkpunkt:
Høgfjellsmarsjen har bemanna sjekkpunkt.
Mat, drikke og trekkepremiar ved målgang på Gjelle:
Ved målpassering vert det mat og drikke til alle, alle deltakarane får eit minne frå Vossamarsjen, og det vert flotte premiar trekt på startnummer.
Obligatorisk utstyrsliste
- Hanskar, lue og tørr overdel
- Vind- og vasstett jakke
- Terrengløpesko
- Næring til turen pluss litt ekstra
- Flaske til vatn
- Emergency blanket
Praktisk info:
Registrering på Holbergsplass v/Park Hotel fram til kl. 10.15. Her får de startkort og anna praktisk informasjon.
Buss til Hodnaberg kl. 10.30
Maks antal: 45 pers
Returbuss frå Gjelle mellom kl. 14.30 til om lag kl. 19.00, dersom de ikkje vil springa heim:)
Prisar innan 9. august:
Vaksne: Kr. 250 medlem / 350 ikkje-medlem
Ungdom: Kr 100 (til og med fylte 18 år)
Prisar etter 9. august:
Vaksne: Kr. 350 medlem / 450 ikkje-medlem
Ungdom: Kr 100 (til og med fylte 18 år)
You may also like the following events from Voss Utferdslag: