Turen går på den T-merka stien frå Hodnaberg til Torfinnsheim. Mesteparten av stigninga er i starten av turen, siste halvdel flatar det ut. Hausten 2022 vart deler av det brattaste partiet utbetra med sherpatrapper. Turen til Torfinnsheim er om lag 2 km ein veg og har totalt 300 høgdemeter. Ved hytta står representantar frå vår gode samarbeidspartnar, Voss Sparebank, klare med noko godt å drikka og noko søtt å eta.
Ved Torfinnsheim blir det frileik og sosialt samvær før me går nedatt til Hodnaberg.
Minimarsjen vert leia av turleiarar frå Borna sitt Turlag. Sjølv om det er 300 meter stigning og nokre bratte parti, er dette ein tur dei fleste klarar. Med god motivasjon frå kvarandre, litt godis på vegen og ein premie på toppen kjem dette til å bli ein strålande dag saman.
Diplom: Alle borna som blir med får ein diplom frå Utferdslaget.
Ta med: Hugs gode sko, vass- og vindtette klede, lue og vottar, samt mat og drikke for dagen.
Dato: Laurdag 16. august
Buss: Det går buss frå Holbergsplass kl. 10.30, med retur frå Hodnaberg om lag kl. 15.30.
Privatbilar: Dersom de vel å køyra privatbilar oppmodar me til samkøyring. Det er mykje aktivitet og bilar ved Hodnaberg, så vêr obs på korleis du parkerar slik at det vert plass til flest mogleg og at ein ikkje stengjer nokon inne. Om ein køyrer privatbilar, er det oppmøte kl. 11.00 på Hodnaberg.
Påmelding: Dei som skal ta buss kl. 10.30 må melda seg på, då det er avgrensa plassar. Dei som køyrer privatbilar treng ikkje melda seg på - då er det berre å møta opp på Hodnaberg.
Ein må ikkje vera medlem i Voss Utferdslag eller DNT for å bli med på Minimarsjen.
Foreldre har ansvar for born
Hugs at på alle arrangement i regi av Borna sitt Turlag har foreldra ansvar for borna sine.
Arrangementet er gratis. Velkomen!