Med ei stor interesse for norske folketonar, brasilianske og etiopiske rytmar og melodiar blanda med ei god dose improvisasjon, har SULIDA smidd eit sterkt musikalsk uttrykk. Vi får høyre eigne komposisjonar med plass til mykje improvisasjon, i spedd gamle, klassiske låtar frå 60-talet. Bandet er inspirert av band som Old and New Dreams, Art Ensemble of Chicago, Fred Anderson, Steve Lacy, David Murray og Lester Bowie, i tillegg til progressive slåttar frå norske spelemenn. I 2024 ga dei ut debutplata si, som fekk utmerka meldingar både i Dag og tid og på salt peanuts*.
Medverkande:
Marthe Lea - Saksofon, fløyter m.m
Jon Rune Strøm - kontrabass
Dag Erik Knedal Andersen - trommer