Den belgisk fødde, Oslo-baserte pianisten Jonas Cambien har imponert tidlegare som bandleder og komponist i eigen trio. I hans nye band Maca Conu har han med seg nokre av dei mest spanande jazzmusikarane i Noreg i dag. Cambien har ei unik tilnærming til komposisjon og improvisasjon. Med bakgrunn innan klassisk og samtidsmusikk, bærer Cambiens pianostil preg av rytmikk og spontaneitet.
Med dei to eksepsjonelt tilstadesværande musikarane Guro Kvåle og Signe Emmeluth i front, og med ein solid rytmeseksjonen beståande av Ingebrigt Håker Flaten og Andreas Wildhagen, blir det vanskeleg å ikkje vri på jazzfoten denne kvelden!
Ein kveld for den som vil høyra meir enn komposisjonar frå den amerikanske songboka.
Medverkande:
Guro Kvåle - Trombone
Signe Emmeluth - Saxofon
Jonas Cambien - Piano
Ingebrigt Håker Flaten - Bass
Andreas Wildhagen - Trommer