Føredrag: Naustlandet, 30 October | Event in Voss | AllEvents

Føredrag: Naustlandet

Hardanger fartøyvernsenter

Highlights

Thu, 30 Oct, 2025 at 06:00 pm

Sandvenvegen 56, 5600 Norheimsund, Norway

Advertisement

Date & Location

Thu, 30 Oct, 2025 at 06:00 pm (CET)

Sandvenvegen 56, 5600 Norheimsund

Sandvenvegen 56C, 5600 Norheimsund, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Føredrag: Naustlandet
I dette føredraget fortel og viser Eva Røyrane, forfattar av boka Naustlandet, bilete frå den store naustreisa.

Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane har reist langs kysten og rundt mange fjordar, frå Feda i sør til Gamvik i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminner som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.

Det står både svært dårleg og ganske bra til med nausta. Naustet er den gardsbygningen som, på grunn av manglande bruk, er mest utsett for forfall. Tilårskomne naust rotnar ned og blir borte. Samstundes er det ei aukande interesse for å ta vare på gamle hus. Dette nyt mange naust godt av. Denne boka dokumenterer forfallet, men fortel og om eigarar som forbarmar seg over forkomne naust og om eldsjeler som ivrar for kystkulturen ved å dokumentera naust og formidla lokal kystkunnskap.

Dei mange nausta har ulike historier å fortelja, om byggjemåte og om bruk. I nord handlar det om naustgammer, skjelternaust og enkle etterkrigsnaust, Lenger sør: stavbygde naust, grindnaust, tømranaust og steinnaust. Og heilt sør, der det er liten skilnad på flo og fjøre: båtgarasjar.

Naustet i støa var ein viktig driftsbygning på garden til fiskarbonden, som var meir bonde enn fiskar i dei indre fjordstrøka. Ute ved kysten var det omvendt. I alle naust låg mindre båtar til heimefiske og dagleg ferdsel og større båtar til sesongfiske, frakt og kyrkjeferd. Og naustet var arbeidsplass, ikkje berre for vedlikehald av båtar, garn og nøter. I naust er det laga tønner, bygd båtar og slakta sauer og kyr. Naustlemen har vore bustad, både for farande folk og for fastbuande.

Kor: Kulturnaustet ved Hardanger fartøyvensenter.

Kjøp billettar i døra.

Pris: 100kr

Foto:
I Hardanger har mange naust, som desse på Busnes, to høgder. Her var naustlemen samlingsplass for ungdommen i grenda før dei fekk bygd seg ungdomshus.

Foto: Oddleiv Apneseth


You may also like the following events from Hardanger fartøyvernsenter:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Sandvenvegen 56, 5600 Norheimsund, Norway, Sandvenvegen 56C, 5600 Norheimsund, Norge, Voss, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Føredrag: Naustlandet, 30 October | Event in Voss | AllEvents
Føredrag: Naustlandet
Thu, 30 Oct, 2025 at 06:00 pm