Tresnittverkstad. Kurs med grafikar Åse Vikse, 15 November | Event in Voss | AllEvents

Tresnittverkstad. Kurs med grafikar Åse Vikse

Kunsthuset Kabuso

Highlights

Sat, 15 Nov, 2025 at 01:00 pm

4 hours

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway

Advertisement

Date & Location

Sat, 15 Nov, 2025 at 01:00 pm to 05:00 pm (CET)

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Tresnittverkstad. Kurs med grafikar Åse Vikse
Lær deg å laga tresnitt. Bli med på tresnittkurs for vaksne (aldersgrense 15 år) i Kabuso. Denne hausten inviterer Kabuso til kurs i 2 delar i november med grafikar Åse Vikse. Du får erfaring med å skjera ut motiv i tre og trykke på papir.

Kurset går over 2 ettermiddagar i november:

Laurdag 15. november kl. 13-17: Me utviklar kvar vår form i tre som me nyttar til å trykke på papir, og vidare ser me på korleis me kan repetere og såleis lage mønster. Ein kan lage kort og gåvepapir, gjerne med juletema
Laurdag 29. november kl. 13-17: Me blir betre kjend med trykkemetoden og arbeider med meir samansette motiv. Me ser på lys og skugge i trykk og du lærer korleis ein lagar reduksjonstrykk
Du kan velja å vere med på begge øktene eller berre den første. For å vere med på den andre kursdagen må du anten ha vore med på del 1 eller ha erfaring med høgtrykk som t.d. lino- eller tresnitt frå før.

Tilmelding seinast 1 veke før i Ticketco.
Maks 8 deltakarar per kursdag.
Pris 1000,- for 1 gong, 1800,- for begge.
Materialar, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.

Ha på deg kle som toler å få flekker på seg eller eit forkle. Ta gjerne også med papir du ynskjer å trykke på.

Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger. Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London. I tillegg, fleire kurs i ulike grafiske teknikkar som danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning. Ho har vist arbeid i m.a. Oslo, Bristol, Ísafjörður og London. Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir kontemporære monotrykk.

Vikse er oppteken av å nytta materiala som er tilgjengelege rundt oss. Gjennom å bruke materiala me finn rundt oss, vert vi utfordra til å skapa med eit avgrensa fotavtrykk.


You may also like the following events from Kunsthuset Kabuso:

Also check out other Arts events in Voss, Fine Arts events in Voss.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Tresnittverkstad. Kurs med grafikar Åse Vikse can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway, Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norge, Voss, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Kunsthuset Kabuso

Kunsthuset Kabuso

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Tresnittverkstad. Kurs med grafikar Åse Vikse, 15 November | Event in Voss | AllEvents
Tresnittverkstad. Kurs med grafikar Åse Vikse
Sat, 15 Nov, 2025 at 01:00 pm