Eksklusiv vising av piloten + episode 1 av Twin Peaks for filmklubbmedlemmar (noko alle kan bli)!
I den idylliske småbyen Twin Peaks vert tenåringsjenta Laura Palmer funnen død – ei sak som lokkar den eigenarta FBI-agenten Dale Cooper til byen.
For deg som enno ikkje har sett serien; dette er starten på eit eventyr fullt av gåter, surrealistiske innslag og karakterar du aldri gløymer!
For deg som kjenner serien frå før: minn deg sjølv på kaffikoppen, kirsebærpaien og vegen du har vandra før – og gled deg til å møte byen på nytt i stort format!
Anten det er fyrste eller ørtande gong – kom og opplev magien, mysteriet og nostalgien i kinomørkret!
Frå kl. 19 kan du nyte smultringar, kirsebærpai og kaffi i kinostova, og etter visinga vert det sosial samling med livemusikk, kåring av beste kostyme m.m.
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
Tickets for Twin Peaks: Piloten + episode 1 can be booked here.