Julemarknad i Samundegarden – ekte smak og god stemning🎄💫🌟🧑🏼🎄🎅🏼
Her kan du oppleve den gode, tradisjonsrike julestemninga.
Lokale produsentar stiller med kortreiste delikatessar og anna.
På marknaden deltek:
Samundegarden – pinnekjøt og spekemat
Frøysagarden – røykalaks mm.
Lingebakken – eplemost
Melchiorgarden – produkt av geit og kje, samt bringebærprodukt
Storstova – poteter, kålrot og jordbærsylte
Karin Meidal – lefser
Vågå Ull – strikkegarn og tova produkt av ull
Brubekken – ost og mjølkeprodukt
Hovdenakk Hjort – hjorteprodukt
🎄Julemarknaden i Samundegarden handlar om å ta vare på tradisjonane og lyfte fram dei lokale produsentane. Her får du både smaken av jul og stemninga som høyrer med.
Med levande lys, bålpanne og ekte bygdejul i lufta, blir dette ein triveleg førjulsdag for både store og små.
Velkomen skal du vere ❤️