Tradisjonen tru vert det Førjulssøndag på Haueleitet første søndag i advent. Og alt vert som det brukar å vere. Du kan støype tinnsoldatar, drikke gløgg, lage adventskalender av appelsinar og nellik, treffe nissen, høyre på eventyr, ete pølse eller kake, lage din eigen krans – for å nemne noko.
Det er aktivitetar i dei fleste husa, matsal ved Kornbergstova og fyr i omnar og gruer!
Hagelaget må ha ein liten sum for materialet til kransane, og vi håper de legg att nokre kroner i kiosken. Resten er gratis og det er ikkje inngangsbillettar.
Sogelaget ønskjer små og store velkomne!
Samarbeidspartnarar: Volda Lions, Volda hagelag, Ung husflid, Volda læringssenter (Takk til alle for at dei stiller år etter år!).
Parkering: Det er veldig få parkeringsplassar attmed Haueleitet, men det er plass til mange bilar langs Andanesvegen. Vi oppmodar folk til å parkere der, slik at dei som er dårlegast til beins kan bruke plassane ved museet.