Ørsta bandet FIN GAMMAL AARGANG kjem tilbake på scena på Stødt, laurdag 13.september for ein heilaften med flott musikk!
Presseskriv:
'' Bandet, ''Fin Gammal Aargang'' frå Ørsta består av garva dansemusikarar med lang fartstid frå ulike danseband. Dei har øvd og spelt saman i over 20 år. Mange av dei vaksne, danseglade kan nok dra kjensel på desse karane:
Paul Krøvel: gitar og vokal
(tidlegare Novus)
Tor Melle: gitar og vokal
(tidlegare Ant Hill, West Wind)
Odd Magne Vinjevoll: keybord, trekkspel og vokal
(tidlegare Novus)
Martin Åsen: bass og vokal
(tidlegare Amorose, West Wind)
Karl Johan Vartdal: trommer
(tidlegare Novus)
Reportoraret er henta hovedsakleg frå dei gylne 60/70/80 åra, men også nokre melodiar frå 50-talet og dei siste tiåra også.
Dei spelar melodiar av Creedence Clearwater Revival, Elvis Presley, The Eagles, The Beatles, Olav Stedje, Åge Alekandersen, Sven Ingvars, Kim Larsen, og mange fleire. Her er musikk som får det til å rykkje i dansefoten til nokon og ein kvar.
Puss støvet av danseskorne, kom og opplev dans på lokalet - stemning igjen! Vi i Fin Gammal Aargang vil gjere vårt beste for at de skal ha ein super kveld!''
Billettar i døra
Dørene opnar kl. 19.
Konsertstart kl. 22.
ID 20+
You may also like the following events from Stødt Bar&Scene: