Stødt og Ervingen Blandakor ynskjer velkomen til KORPØBB, fredag 12.september 🎶
«Korpøbb» på Stødt.
Er du glad i å synge åleine eller saman med andre? Fredag 12.september inviterer Ervingen blandakor velkomen til songglede med «noko attåt» på Stødt Bar og Scene.
Korsong på pub er i vinden som aldri før for tida, og no er det Ørsta/Volda sin tur. Ervingen blandakor, med dirigent Øyvind Lied, ynskjer å samle flest
mogleg songglade folk på Stødt Bar og Scene frå kl.20 – 23 denne fredagen.
Vi byr inn til ein kveld med lett underhaldning der allsong, eit par nummer av Ervingen blandakor og innøving av eit par fellesnummer med fleirstemt song vert viktige delar av innhaldet. Så vil det naturlegvis vere pause til sosial prat
og til å handle frå baren.
Innøvinga av fellesnummer vil Øyvind Lied på tangentar, Børre Lødemel på gitar og medlemer i koret ta seg av. Her syng eller nynnar alle med den
stemme ein har. Målet er songglede og positiv energi for alle. Fellesnummera som skal øvast inn er I shall be released (Bob Dylan) og You’ve got a friend (Carol King). Desse to skal naturlegvis framførast som ein liten konsert mot slutten av kvelden.
Vi håper alle som likar å synge set av tid til korpøbb fredag 12.september. Få med deg partneren, naboen, vennegjengen eller kollegaen denne kvelden.
Billettar får du kjøpt med vipps i døra når du kjem. Velkomen.
Dørene opnar kl. 19
Betaling til Ervingen Blandakor på Vipps i døra,
kr. 200,-
ID: 20+
You may also like the following events from Stødt Bar&Scene:
Also check out other
Concerts in Volda.