Familiearrangement: Forfattarbesøk og teikneverkstad
Søndag 5. oktober kjem forfattar Trude Tjensvold til Aasentunet med boka Misty åleine. Misty åleine er ei aktuell og sterk forteljing om flukt, fortald gjennom auga til ein hund.
Trude Tjensvold er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I boka Misty åleine skildrar ho ei aktuell og sterk forteljing om ei firbeint flukt gjennom krigslandskap.
Familiehunden Misty og guten Ruben er bestevener. Men då krigen kjem til landet, må familien til Ruben flykte. Ved ein feil blir Misty sperra inne i bombekjellaren til blokka dei bur i, og då ho kjem seg ut derifrå, har familien allereie flykta av garde. Misty bestemmer seg for å følgje spora etter familien for å finne dei att. På vegen må hunden trasse både bombeangrep og ei stor, djup bukt. Ho møter òg fleire hjelparar, mellom anna den vesle jenta Shirin.
Trude Tjensvold vil lese og fortelje frå boka Misty åleine, og avsluttar dagen med teikneverkstad.
Dette familiearrangementet passar for barn i alderen 8 til 12 år.