HAUSTFEST I ØRSTA
NB! Earlybird-billettar er lagt ut, ver rask så kanskje du er ein av dei som rekk å få kjøpt rabatterte billettar!
Tid: Dørene opnar kl. 19.00 | Første band på scena kl. 20.00
Gjer deg klar for haustens store festkveld i Ørsta – ein helaftan fylt med fantastisk livemusikk, herleg stemning og dansegolv med trøkk!
Vi har samla tre av dei råaste livebanda, som står klare til å ta deg med på ei musikalsk reise frå 80-talet og heilt fram til dagens største hits:
ØYSTEIN ECKHOFF | 20.00–22.00
Vestlandet sin eigen gitarhelt og trubadur – kjend for si imponerande stemme, gitarferdigheiter og eit variert repertoar som passar alt frå taffel og bryllaup til allsang og fest. Øystein set stemninga med kvalitetsunderhaldning frå første tone.
GLIMMER | 22.15–23.00 + 23.15–00.00
Coverbandet Glimmer, med Jan Kjetil Klubben og Maria S. Underdal i front, gir deg dansbare låtar, sterke vokalprestasjonar og masse energi! Med musikk frå 50-talet og fram til i dag, byr dei på alt frå rolege akustiske innslag til allsang og full fest.
HIT STATION | 00.15–01.45
Kveldens headliner! Med Morten Fredheim i spissen (kjend frå The Voice) leverer HIT STATION eit forrykande show med enorme mengder energi, hitlåtar frå 80-talet til no, svulstige balladar, høg allsangfaktor – og eit heftig laser-, røyk- og lysshow. Dette må opplevast!
Ta med deg vennegjengen, danseskoa og godt humør – denne kvelden vil du ikkje gå glipp av!
Aldersgrense: 18 år
Baren opnar kl. 19:00!
You may also like the following events from Ørsta kulturhus og kino:
Also check out other
Festivals in Volda,
Music events in Volda,
Entertainment events in Volda.