Marte Eberson på stemningsfull soloturné med «Lights From The Ocean». Ei reise i lys og mørke – med piano, elektronikk og sterke tekstar.
Til hausten legg Marte Eberson ut på sin første soloturné med eit ferskt album i bagasjen. «Lights From The Ocean» er ei samling låtar som speglar havets og livets kontrastar: frå storm og dybde til ro og lys. Med berre seg sjølv, sitt piano og elektroniske teksturar på scena, inviterar Marte til nære og intime konsertopplevelsar – for hjartet og tankane.
– «Lights From The Ocean» handlar om bevegelse, om korleis me heile tida pendlar mellom uro og ro – mellom håp og mørke. Havet blei eit naturleg bilete på det indre livet mange av oss kjenner på, seir Marte.
Med seg på turnéen har ho lyddesigner Lars Voldsdal, kjend for sitt arbeid med blant andre Madrugada, Sivert Høyem og Claudia Scott. Saman skapar dei eit draumande og detaljert lydbilete som kler Eberson sine melankolske og melodisterke låtar.
Ein erfaren og mangfoldig artist
Marte Eberson er kjend som ein av Noregs mest allsidige musikarar og låtskrivarar. Ho slo gjennom som keyboardist og komponist i det Spellemann-vinnande bandet Highasakite, og har seinare gjort seg bemerka med eigne soloprosjekt og i samarbeid med artistar som Ane Brun, Machine Birds, LÖV, Hedvig Mollestad og bandet Eberson – eit samarbeid med faren, gitarlegenda Jon Eberson.
Marte sitt uttrykk er prega av både jazz, pop og eksperimentell elektronika – alltid med eit tydleg personleg avtrykk. Tekstane er nære, gjenkjennelege og åpnar rom for ettertanke, medan tonespråket bevegar seg i eit landskap mellom det sarte og det storslåtte.
Eit musikalsk pusterom
Konsertane vil i hovedsak bestå av låtar frå Lights From The Ocean, men Marte vil også overraske med eit par utvalgte coverlåtar – tolka med hennar særeigne uttrykk og varme tilstedeværelse.
Dette er ein konsert for dei som søker eit pusterom – ein musikalsk kveld der ein kan lytte, føle og kanskje finne sitt eige lys i horisonten.
Dørene opnar 20.00
Konsertstart 20.30
Parkering ved Leirshaugen (gravplassen) ein kort rusletur unna.
Nokre få parkeringsplassar ved innkøyrselen til Gamle Skrivargarden på jordet på andre sida av vegen.
You may also like the following events from Gamle Skrivargarden:
Also check out other
Music events in Volda,
Entertainment events in Volda,
Concerts in Volda.