Ekkodal-konserten, tonehimmel 2025, 28 June | Event in Volda | AllEvents

Ekkodal-konserten, tonehimmel 2025

tonehimmel

Highlights

Sat, 28 Jun, 2025 at 10:00 am

Barstadsætra

Advertisement

Date & Location

Sat, 28 Jun, 2025 at 10:00 am (CEST)

Barstadsætra

Volda, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Ekkodal-konserten, tonehimmel 2025

Bli med på tur til “Ekkodalen” i Ørsta, ein spesiell stad der vi skaper i samklang med naturen. Når forholda ligg til rette, er det heilt spesielle lydforhold her oppe. Men vi kan ikkje vite kva landskapet vil akkurat denne dagen, vi må spele med det som er, vere ein del av heilskapen og vil kjenne både på det nære og det fjerne, det vesle og det monumentale.

Turstar fra Barstadsætra kl. 10.00. Turen opp tek om lag 2,5 timar og vert leia av Kishore Gajendra. Der er god rås. Ha gode turklede og gode sko. Konserten starter oppe i dalen ca. kl. 13.00.

Du får oppleve
*URFARMFØRING av fyrste del av nytt verk av Marianne Reidarsdatter Eriksen for vokalgruppa Song Circus og to horn (Magnhild og Runar Tafjord)

*“Sol luchet”, av Marianne Reidarsdatter Eriksen framført av Song Circus

*“glimtar av ein famn” av Magnar Åm - skrive til Ekkodalen, til denne konserten omskrive til versjon for to horn framført av Magnhild og Runar Tafjord

*Satsen "Månebøn" frå verket “Vardøger” av Jorun Marie Kvernberg, framført av Song Sircus og Runar Tafjord.

Marianne Reidarsdatter Eriksen
Komponisten, organiste og pianisten Marianne Reidarsdotter Eriksen har i mange år vist seg som ein komponist med eit heilt spesielt handlag med stemmen og kor. Musikken hennar kan mellom anna høyres på Trio Mediæval sitt album An Old Hall Ladymass, med stykket “Sol lucet”, Kammerkoret Aurum sitt Alt hva mødrene har kjempet med verket “Etter regnfallet” og Uranienborg vokalensemble sitt album Himmelborgen. Ofte kan ein høyre atterklang av eldgamal kormusikk frå mellomalderske kyrkjer med lange melodilinjer som viklar seg inn i kvarandre, andre gonger duver vakre akkordar fram frå korsongarane og breier seg over deg som eit varmt teppe av tonar. Du skal ikkje vente lengje i musikken hennar før du kjenner kjensler av tidlaus skjønnheit.

Magnar Åm
Kva skal ein vel skrive for å oppsummere Magnar Åm – komponisten, som både frå notearket, tangentane og dirigentpodiet har delt av sin enorme kjærleik til musikken og den livgjevande krafta musikken har. Han har ein unik evne til å skape openheit for samtidsmusikken hjå amatørmusikarar, og fordrar eit spesielt forhold mellom musikarar og komponist i prosessen. Åm er eit intenst følande, lyttande menneske, med ein ufatteleg kjærleik til musikken, naturen og menneska, og ein bauta ein kan reise land og strand rundt utan å finne maken til. Åm er medstiftar av tonehimmels, festivalens beste ven og kunstneriske leiar.

Song Circus
Ei enorm musikalsk nysgjerrigheit og ei skapande utforskingstrong ligg i botnen av Song Circus. Dette er eit av Skandinavia sine absolutt leiande ensemble innan eksperimentell musikk, og i verksemda si legg dei vekt på nære og langvarige relasjonar med komponistar og skapande kunstnarar for å lage ny scenekunst på eit høgt nivå. Song Circus er eit heilt spesielt ensemble i at produksjonane deira ofte har eit stort fokus på improvisasjon, som også skapar eit heilt særeigent rom for å utforske dei forskjellege teksturane og klangane i stemmane til songarane. Ensemblet er som eit fullstendig unikt instrument, heilskåre ut av det uendelege potensialet som ligg i menneskestemma.

Song Circus består av:
Liv Runesdatter
Ingeborg Dalheim
Silje Aker Johnsen

Magnhild og Runar Tafjord
To framtredande norske hornistar. Runar er mest kjend som hornist enseble i Brazz Brothers, og har i tillegg spelt med orkester som Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og Göteborgs Symfoniker. Magnhild spelar no i både Operaen i Kristiansund og Opera Nordfjord, og har tidlegare spelt med orkester som Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester. I tillegg har ho spelt med framtredande samtidsmusikkensembler som BIT20, og har eit samtidsmusikk/improvisasjonsduoprosjekt med oboist/engelsk hornist Ebba Ringmar.

Jorun Marie Kvernberg
Jorun Marie Kvernberg er komponist og felespelar, som gjennom over tjue år har etablert seg som ein av Noregs fremste folkemusikarar, både som soloartist og i grupper som Majorstuen, Perleskum og mange andre prosjekt. Dei siste åra har ho komponert stadig meir for ei rekke ensemble. tonehimmel har urframført fleire av Kvernbergs verk og har også bestilt et større verk av Kvernberg for Det norske kammerorkester til festivalen i 2027.


You may also like the following events from tonehimmel:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Ekkodal-konserten, tonehimmel 2025 can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Barstadsætra, Volda, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

tonehimmel

tonehimmel

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Ekkodal-konserten, tonehimmel 2025, 28 June | Event in Volda | AllEvents
Ekkodal-konserten, tonehimmel 2025
Sat, 28 Jun, 2025 at 10:00 am