"Røyster" av YKS Ung og Solveig Styve Holte - PREMIERE, 27 June | Event in Volda | AllEvents

"Røyster" av YKS Ung og Solveig Styve Holte - PREMIERE

tonehimmel

Highlights

Fri, 27 Jun, 2025 at 06:00 pm

Folkestadvatnet, Raudesanden

Advertisement

Date & Location

Fri, 27 Jun, 2025 at 06:00 pm (CEST)

Folkestadvatnet, Raudesanden

Blåfjellsvegen 381, 6120 Folkestad, Norge, Folkestad, More Og Romsdal, Norway, Volda

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

"Røyster" av YKS Ung og Solveig Styve Holte - PREMIERE
«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med dansekunstnar og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstnar og utøvar Rina Rosenqvist, kostymedesignar Molly Raak, komponist og musikar Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøvarar.

Kan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår varsemd for kvarandre og omverda? I fleire kunstnariske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap der ulike viljar og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert rørslene skapte i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta imot, av å berøre og bli berørt, bære og bli boren, rørsler som berre er moglege i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i varsemd overfor kvarandre og omverda, korleis eksistensen vår er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.

«Røyster» er den fyrste produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig talent og kunstprosjekt knytt til arenaen Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.

Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte

Framsyninga er utvikla saman med:
Prøveleiar: May Stene Fossheim
Komponist og vokalist: Sofia Jernberg
Kostyme og scenografi: Molly Raak
Dansekunstnar: Rina Rosenqvist

Utøvarar og framført av:
Asiri Carlosdottir Perez, Elena Hertzberg Aidoni, Luna Walderhaug Lange, Mariia Stepanian, Marit Hovland, Rina Rosenqvist.

Produsent: Paula Lewe

Takk til Amie Mbye, Helga Synnevåg Løvoll, Rose Martin, Venke Sortland, Bojana Cvejic og Sergej Pristas.


Produsert av: YKS
Coprodusert av: tonehimmel, KUBE, Høstscena, Høgskulen i Volda og Kunsthøgskolen i Oslo

Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebank1 SMN

Tilgjengelighet
Raudesanden ligg i nordenden av Folkestadvatnet og du kan kome deg dit både ved å gå eller køyre Blåfjellsvegen eller Setrevegen på Innarforsida. Det er best parkeringshøve ved Blåfjellsvegen. Vi oppfordrar publikum til å samkøyre, nytte
oppsett minibuss eller gå til fots. Framsyninga er dessverre ikkje tilgjengeleg for rullestorbrukarar då ein må vandre frå parkeringa til spelestaden. Vi oppfordrar publikum om å ta med eigne sitteunderlag då alle publikumerar sitter på bakken.


Billettar:
Vaksen 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år GRATIS

Ferge, buss og tur med Kishore
Ferga går frå Volda kl. 16.40 eller 17.20

Det går BUSS frå fergekaia til vatnet for den som har bestilt billett på forehand.

kl. 17.00 er det stille vandring med Kishore Gajendra frå fergekaia på Folkestad (16.40 ferga fra Volda).


You may also like the following events from tonehimmel:

Also check out other Music events in Volda, Entertainment events in Volda.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for "Røyster" av YKS Ung og Solveig Styve Holte - PREMIERE can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Folkestadvatnet, Raudesanden, Blåfjellsvegen 381, 6120 Folkestad, Norge,Folkestad, More Og Romsdal, Norway, Volda

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

tonehimmel

tonehimmel

Are you the host? Claim Event

Advertisement
"Røyster" av YKS Ung og Solveig Styve Holte - PREMIERE, 27 June | Event in Volda | AllEvents
"Røyster" av YKS Ung og Solveig Styve Holte - PREMIERE
Fri, 27 Jun, 2025 at 06:00 pm