På denne konserten får du høyre urframføring av av verket “Alter Ego” av komponist Klaus Ellerhusen Holm, skrive til gitarist Lars Ove Fossheim. Fossheim er gitarist og komponist busett i Volda, og verket er ein del av hans mangeårige utforsking av el-gitaren si rolle og betyding i samtidsmusikken. I denne konserten har han også med seg den anerkjende samtidskvartetten Tøyen fil og klafferi. Dei kjenner kvarandre godt og deler nysgjerrigheita for nyskapande lyd og samklang.
Du får oppleve
*“Melting Winter” av Roberta Lazo Valenzuela
*improvisasjon av Tøyen fil og klafferi og Lars Ove Fossheim
*Urframføring av verket “Aleter ego” av Klaus Holm spelt av Lars Ove Fossheim
Tittelen “Alter Ego” tyder “anna eg”, eller ein avløysar som i tankegang, ein åndeleg dobbeltgjengar. Ideen bak stykket er at Lars Ove skal fungere som sin eigen dobbeltgjengar, der den eine heile tida ligg litt framføre eller bak den andre. Dette kjem også til uttrykk i at han spelar på to el-gitarar vekselvis. Den eine gitaren er stemt ned ein åttedels tone medan den andre har vanleg stemming for å skilje dei to litt frå kverandre. Materialet i stykket kjem frå ei rekke solo-improvisasjonar av Lars Ove Fossheim som vart spelt inn i 2023, nokre av improvisasjonane hadde spesifikke instruksjonar, andre hadde det ikkje. Materialet har i etterkant vorte redusert og organisert saman med idéar og materiale frå komponisten.
Billettar:
Vaksen: 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år: gratis
Lars Ove Fossheim er ein gitarist og komponist busett i Volda. I laupet av dei to siste tiåra har han markert seg tydeleg i det norske eksperimentelle musikklandskapet gjennom si grenselause og innovative tilnærming til gitaren og musikken. Mest kjend er han kan hende gjennom band som Broen og Skadedyr, men dei siste åra har Lars Ove fokusert på å utforske elgitaren si rolle i samtidsmusikken.
Både som solist og samspelar har Fossheim vist seg som ein uredd og open musikar. For nokon med så opne horisontar som han ligg ingenting utanfor rekkevidde – anten det er samarbeidsprosjekt med beatpoetar, jazza kunstpop eller fullstendig uhemma friimprovisasjon.
Klaus Holm
Komponisten og treblåsaren Klaus Ellerhusen Holm har etter kvart gjort seg til ein smått legendarisk figur for dei med fingrane langt inne i det norske jazz- og samtidsmusikkmiljøet. Som improviserande musikar er han mest heime i dei ytre laga av jazzen sin atmosfære, med ein fantasi og eit frislepp som gjer han til ein av dei udiskutabelt beste i sitt felt. I dei siste åra har han skifta fokus meir og meir mot komposisjon, og som komponist utforskar han både det personlege, nære og kven me er som medspelarar i samfunnet som omgjev oss. I komposisjonane hans kan ein ofte høyre spor av den spontane, kompromisslause energien Holm har med seg frå si lange fartstid i frijazz og fritt improvisert musikk.
Tøyen Fil og Klafferi
På innsida av platecoveret til Tøyen Fil og Klafferi sitt debutalbum Botanisk hage frå 2020 kan me lese følgjande: “Tøyen Fil og Klafferi er namnet på ein tenkt lydfabrikk grunnlagt i 2010, kor instrumenta filer, trillar, stryk og bles liv i nye musikalske verk”. Bak dette snodige namnet ligg eitt av landets fremste og aller mest høgtpresterande samtidsmusikkensemble. Instrumentsamansetjinga deira – fløyte, fiolin, cello og klarinett – er uvanleg i den klassiske musikken, og kombinert med eit repertoar av nyskrive musikk opnar det seg ei ny og uhøyrt klangverd kvar gong dei speler. Musikken deira inviterer deg til å opne øyrene og sjå venleiken i dei ukjende lydane. Sanseinntrykka flyt fritt her, og nyskapinga si spenning fyller lufta.
Tøyen Fil og Klafferi består av:
Eira Bjørnstad Foss(Fiolin)
Hanne Rekdal(Fløyter)
Morten Barrikmo(Klarinett)
Tove Margrethe Erikstad(Cello)
You may also like the following events from tonehimmel:
- Next Wednesday, 25th June, 11:00 am, Smakebetekonsert, tonehimmel 2025 in Volda
- Next Wednesday, 25th June, 07:00 pm, Opningskonsert tonehimmel 2025 in Volda
- Next Thursday, 26th June, 10:00 am, "Bein og boge" – ein kunst- og lydinstallasjon for barn in Volda
Also check out other
Music events in Volda,
Entertainment events in Volda,
Concerts in Volda.