Festkonsert - Sigrid Moldestad m/band, 27 September | Event in Stryn | AllEvents

Festkonsert - Sigrid Moldestad m/band

Festspela i Geiranger

Highlights

Sat, 27 Sep, 2025 at 05:30 pm

Hotel Union Geiranger

Advertisement

Date & Location

Sat, 27 Sep, 2025 at 05:30 pm (CEST)

Hotel Union Geiranger

Geirangervegen 101, Stranda, Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Festkonsert - Sigrid Moldestad m/band
Vi er svært glade for at sjølvaste Sigrid Moldestad skal sparke i gang laurdagskvelden under Festspela i Geiranger 2025 – og det i etterlengta storformat med fullt band! Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å ta med musikarane ho har jobba med i mange år.

Sigrid Moldestad er både folkemusikar, songar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar. Ho vart kåra til Årets Folkemusikar i 2010 og debuterte som soloartist i 2007 med plata “Taus” som ho fekk Spellemannsprisen for. Ho er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredingar. Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar; musikken hennar kjennast grenselaus og har tatt til seg impulsar frå ulike sjangerar.

Musikarane i bandet til Sigrid pregar musikken med sine bakgrunnar innan visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som kjem til å berøre.

Folkemusikken er rota Sigrid Moldestad bygger sitt musikalske landskap i. Ho skriv tekstar på nynorsk eller toneset diktarar som Jan-Magnus Bruheim. Mellom dei lyriske forteljingane kjem villskapen i felemusikken fram og bygger opp dynamikken i konsertane hennar. Sigrid Moldestad driv for tida med innspeling av nytt album som kjem våren 2026. På konserten i Geiranger vert det smakebitar av det nye materialet.

Medverkande:
Sigrid Moldestad, vokal, fele, hardingfele
Sigbjørn Apeland, tangentar
Jørgen Sandvik, gitarar
Anders Bitustøyl, bass
Kåre Opheim, trommer
Roald Kaldestad, gitarar

Tid: Laurdag 27. september, kl. 17.30
Stad: Geirangersalen, Hotel Union Geiranger
Billettpris: 490/100


You may also like the following events from Festspela i Geiranger:

Also check out other Music events in Stryn, Entertainment events in Stryn.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Festkonsert - Sigrid Moldestad m/band can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Hotel Union Geiranger, Geirangervegen 101,Stranda, Stryn, Norway
Reserve your spot

Host Details

Festspela i Geiranger

Festspela i Geiranger

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Festkonsert - Sigrid Moldestad m/band, 27 September | Event in Stryn | AllEvents
Festkonsert - Sigrid Moldestad m/band
Sat, 27 Sep, 2025 at 05:30 pm