Oppdag Bøverbreen med JFK!, 17 August | Event in Stryn | AllEvents

Oppdag Bøverbreen med JFK!

Jotunheimen Fjellsportklubb

Highlights

Sun, 17 Aug, 2025 at 09:30 am

Bøverbreen

Advertisement

Date & Location

Sun, 17 Aug, 2025 at 09:30 am (CEST)

Bøverbreen

Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Oppdag Bøverbreen med JFK!
Jotunheimen Fjellsportklubb ønskjer at fleire skal få oppleve å vandre på bre og inviterar til brevandring på Bøverbreen den 17. august! Rimelegare bretur skal du leite lenge etter!

Med to guider har vi mulighet til å dele inn i to grupper for å kunne ha ein gruppe med et litt høyere tempo/litt mer utfordrende tur på breen. Nedre aldersgrense er 8 år, så her kan dei fleste være med! Er du fylt 16 år kan du være med utan føresett (krevjer berre samtykke). Vi er behjelpelege med transport, berre gje beskjed ved påmelding!


HVOR:

Bøverbreen er ein sidebre av Smørstabbreen, som ligg midt i hjartet av Jotunheimen. Brevandring byr på store naturopplevingar utan å vere altfor krevjande.


PASSAR FOR:

Både for familier og enkeltpersoner. Aldersgrense 8 år. Må kunne være ein heil dag ute på tur i roleg tempo.

16 plassar. Første mann til mølla. Opplys om alder på barna/ferdighetsnivå så vi får fylt opp gruppene.



PRIS:

Turen er gratis for medlemmar av Jotunheimen Fjellsportklubb.

Om du ikkje er medlem kan du melde deg inn
Link til medlemskap: https://jotunheimenfjellsport.com/medlemsskap-og.../

eller betale 350,- per person.



PÅMELDING:

Påmelding skjer via sms til Sigrun 98442076.



PLAN FOR DAGEN:

Oppmøte er 09:30 på parkeringa nærmast vegen, ca 50 meter nedanfor Krossbu. Det er fyrste parkeringa på venstre hand når ein kjem frå Lom langs Sognefjellsvegen. På parkeringa møter dykk guidene og får utdelt utstyr.
Vidare brukar vi ca 1,5 time inn til breen i roleg tempo. Opp mot breen er det om lag 200 høgdemeter i roleg stigning. På brekanten blir det pause for å ta på bre utstyr. Det blir også anledning til å ta seg litt mat og drikke.

På breen går vi i taulag saman med ein guide. Breane er i konstant bevegelse og forandring, så guidane kjem til å velje ruteval etter vær og forhold. Vi brukar om lag 6 timar totalt på turen.

Vi er nede på Krossbu igjen seinast 16:00.

Personlig utstyr du har med:
- Vindtett/vanntett bukse og jakke
- Fjellsko med stiv såle, og skoa bør gå over ankelen
- Ryggsekk med ekstra plass til utstyret da alle må bære sele, hjelm, isøks og stegjern som guidene har med
- 1 skift av undertøy, helst ull
- 1 varmare genser/jakke til å ha på om det vert kaldt
- Luer og votter
- Mat og drikke for ein lang dag
- Solbriller og solkrem

Utstyr guiden har med til deg:
- Stegjern
- Isøks
- Sele
- Hjelm

Vi minner om at biblioteket i Vågå har gratis utlån av turutstyr, ta eventuelt kontakt med Hege Engell på 99581323 hvis det er noe du trenger å låne av personlig utstyr.

Vel møtt!

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Bøverbreen, Stryn, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Jotunheimen Fjellsportklubb

Jotunheimen Fjellsportklubb

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Oppdag Bøverbreen med JFK!, 17 August | Event in Stryn | AllEvents
Oppdag Bøverbreen med JFK!
Sun, 17 Aug, 2025 at 09:30 am