Ta med ungarne på eit eventyr på blåisen på Nigardsbreen
Den 7. juni arrangerer Barnas Turlag Luster ein bretur på Nigardsbreen med Breførarlaget i Jostedalen.
Turen krev påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/breturpanigardsbreenmedbarnasturlag_19022025100016
Denne turen er for "spreke unger" (og vaksne) som er i vanlig fysisk form og som har litt turerfaring frå før. Tidlegare breerfaring er ikkje noko krav.
Turen har ei nedre aldersgrense på 8 år, ev. at minste skostorleik må vere 33 som er min. storleik for å kunne bruke dei stegjarna breførarlaget har for barn.
Varigheit
Ca. 4,5 timer (frå parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet). På isen 1,5 time
Ustyr
Ha med varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt).
Deltakarane vil få utlevert nødvendig sikringsutstyr (stegjarn, isøks, klatresele samt hjelm til ungane).
Oppmøte
- Prix Gaupne kl. 9.00 for samkjøring til Nigardsbreen. Turleiar vil ta ansvar for at alle får plass i bilar og at me kjørar samla til Nigardsbreen
eller
- parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet ved skilt GUIDE kl. 10.00
Rutevegleiing til parkering:
https://maps.app.goo.gl/HZ6joZAqEapjKuMh6
Oppgi ved påmelding om du møter på Coop Prix eller ved Nigardsbreen
Turleiar
Liv Endresen (97512770)
Ved spørsmål til turen kontakt Luster Turlag:
bHVzdGVyICEgdHVybGFnIHwgZG50ICEgbm8=
Påmelding via heimesida:
https://aktiviteter.dnt.no/register/breturpanigardsbreenmedbarnasturlag_19022025100016
Turen er gratis for DNT medlemar.
For ikkje medlemar er prisen 550,- for vaksne og 150,- for barn
Det svarer seg å melde seg inn - sjå meir om medlemsskap og meld deg inn her:
https://www.dnt.no/medlem/
Det er begrensa tal plassar på turen så her er det først til mølla. Ved stor pågang er det mogleg at vi legger ut fleire plassar til turen.