Bjørgvin kirkesangforbund inviterer koristar og interesserte i heile Bjørgvin bispedøme til ein jubileumsdag med Ivar Mæland sin musikk på programmet!
Vi vil feire ein svært aktiv og vital 75-åring som har mange kyrkjer og orgelkrakkar i Noreg og Danmark på CV-en.
Og heile tida har han skrive musikk - gjerne tilpassa tilgjengelege musikarar og songarar.
Kantor og komponist - pedagog og profesjonsforkjempar - titlane er mange og like mangfaldige som mannen sjølv.
Denne oktoberlaurdagen vil vi øve og førebu oss til konsert i Fana kyrkje tidleg kveldstid.
Vi vonar mange vil vere med og lære songar som enkelt kan gjenbrukast lokalt!
Praktisk info:
Fana kyrkje har gode parkeringsforhold og menighetssalen har fasilitetar elles.
Vi vil legge opp dagen slik at du kjem deg heimatt om kvelden.
Cantus Skjold blir vertskapskor - det takkar vi for! Det vil bli ei lita påmeldingsavgift til dekning av notar og mat.
Meir info og detaljar vil bli publisert i denne arrangementslenkja - trykk «interessert» for å halde deg oppdatert.
Påmelding til stiftslagsleiar Eli-Johanne Rønnekleiv innan 1. oktober 2025.
E-postadr:
ZWxqb3JvbiB8IHlhaG9vICEgbm8=
Påmeldingsavgift kr. 500,- pr songar til kontonummer 6526.06.00200 (Bjørgvin kyrkjesongforbund). Merk samla innbetaling med korets namn, evt enkeltpersonar merkar innbetalinga med eige namn.
Also check out other Concerts in Bergen.