Ta med borna på eit teaterstykke der fantasien får fritt spelerom!
«Hundrevis av barn i vill kamp» er ein fargesprakande berg-og-dal-bane gjennom barns leik og draumar. Ei engasjerande og morosam teateroppleving, der fantasien til barna får styre – og dei store spørsmåla i livet blir ein del av leiken.
Me møter ein gut som nettopp har mista bestefaren sin. Sorga tek han med på ei fantasireise til havets botn, der draum og verkelegheit, sorg og minne smeltar saman og hundrevis av barn kjempar i ein vill kamp. Og mens alt dette utspelar seg, står ein dinosaur utanfor vindauget hans. Eller er det berre tankane som løper løpsk?
«Hundrevis av barn i vill kamp» er teater sett gjennom barnet sine auge. Stykket set ord på mange av dei store spørsmåla barn stiller vaksne. Kanskje blir det lettare for dei å dele tankane sine etter å ha sett framsyninga?
Eit draumespel for born frå 5-10 år.
Framsyningslengde: 50 minutt (ingen pause).
Premiere i Oslo, Nydalen 21. august 2025
Turnépremiere i Sogndal 27. august 2025
Med:
Mathias Augestad Ambjør, Amalie Ibsen Jensen og Martha Lubiana.
Av Eirik Fauske
Regissør: Marie Nikazm Bakken
Scenograf og lysdesignar: Hannele Philipson
Kostymedesignar: Amanda Hedman Hägerström
Maskedesignar: Linda Sandberg
Lyddesignar: Leo Goldmann
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad
Originalprodusert av Turteatern og Svenska Riksteatern.
Produsert for Noregs-turné av Riksteatret.
NB! Maks antal publikum på denne forestillinga er 150 personar, og billettane blir selde utan nummerering (fri plassering).
You may also like the following events from Ål kulturhus: