Rotneims-Knut // Ål kulturhus, 7 September | Event in Hønefoss | AllEvents

Rotneims-Knut // Ål kulturhus

Ål kulturhus

Highlights

Sun, 07 Sep, 2025 at 03:00 pm

Ål kulturhus

Advertisement

Date & Location

Sun, 07 Sep, 2025 at 03:00 pm (CEST)

Ål kulturhus

Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Rotneims-Knut // Ål kulturhus
Røtneims-Knut, leug og mjuk
det finst ikkje nokon som kasta han ut
inkji i Hemsedal, inkji i Gol
inkji på Tørpo og inkji i Hol

(Kjelde: Gunnlaug Lien Myhr - Folkesong i Hallingdal)


Stordansaren frå garden Rotneim var både «leug og mjuk» og gjekk frikar på leikskeid og dansefetar. Han var kjent for å gjera svært høge kast. Det var få som kunne kappast med han. Samstundes var han ein alkefant. Det enda ofte med slåsting og endå til knivstikking. Slik kom han på kant med både sambygdingar, lensmann og prest.

Knut Andresson (1810-1851) kom frå Perigarden på Rotneim. Difor namnet Rotneims-Knut. Dette er forteljinga om korleis Rotneims-Knut levde eit utagerande og rastlaust liv som enda på tragisk vis. Forteljinga byggjer i all hovudsak på faktiske hendingar, men innhaldet er oppdikta. Korleis hadde han det, Rotneims-Knut? Og korleis var han å vera i lag med? Ja, kva tenkte kona hans, Margrete, om samlivet deira?

Dette var eit av høgdepunkta på programmet på Landskappleiken på Gol i 2024, og forestillinga spelte for fulle hus der. Mange spurde om det ikkje gjekk an å få sett dette danseteatret på nytt, og endeleg lar det seg gjere. Så om du ikkje fekk med deg denne fantastiske forestillinga i fjor sommar - eller om du vil sjå ein gong til - 7. september har du sjansen i Storesalen i Ål kulturhus!


Manus og regi: Eldgrim Springgard
Musikalsk ansvar: Helga Myhr
Koreografi: Vetle Springgard

I hovudrollene: Ådne Geicke Kolbjørnhus, Vetle Springgard, Margit Myhr, Eirik Fuglesteg Luksengard. Silje Risdal Liahagen, Brigitte Blomlie, Helga Myhr, Åsmund Fauske Jøtun

Ensemble: Andrea Søgnen, Lars Fivelstad Smaaberg, Erlend Opheim Berg, Ingrid Jøtun Fauske, Ingrid Svensgård, Guri Feten, Liv Anne Berget, Diis-Eirin Moholt Kolsrud, Tyra Moholt Langehaugen, Ola Storøygard, Rannveig Øygardslia

Lysdesign: Sture Moslåtten
Lyddesign: Tor Magne Hallibakken

Produsert av Sprang

Støtta av Sparebankstiftelsen DnB


You may also like the following events from Ål kulturhus:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Rotneims-Knut // Ål kulturhus can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Ål kulturhus

Ål kulturhus

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Rotneims-Knut // Ål kulturhus, 7 September | Event in Hønefoss | AllEvents
Rotneims-Knut // Ål kulturhus
Sun, 07 Sep, 2025 at 03:00 pm