Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad,
som me kjenner som Team Bachstad, har sidan 2011 tatt
TV-sjåarane med på ei rekkje reiser verda rundt – alltid på
utradisjonelt vis.
Ti sesongar har det vorte så langt.
Sist kunne me følgje dei Japan på langs, og i haust kan me
bli med dei rundt i Afrika.
Men no får publikum også høve til å oppleve det svært
sjarmerande Team Bachstad «live» på Ål kulturhus!
I samarbeid med NRK inviterer dei to karane til eit talkshow der publikum blir med i ei halvannan time lang reise i levande live, med humor, filmklypp og historier - nokre av desse er gullkorn som ikkje har kome med i programma.