Vertshuscupen 2025, 1 August | Event in Bergen | AllEvents

Vertshuscupen 2025

Vaksdal IL - Seniorfotball

Highlights

Fri, 01 Aug, 2025 at 05:00 pm

Vaksdal Idrettslag

Advertisement

Date & Location

Fri, 01 Aug, 2025 at 05:00 pm - Sat, 02 Aug, 2025 at 05:00 pm (CEST)

Vaksdal Idrettslag

Krekane 19, 5725 Vaksdal, Norge, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Vertshuscupen 2025
Invitasjon til Vertshus Cupen 2025

🗓️: Laurdag 01. aug - Sundag 02. aug
📍: Vaksdal Idrettspark
⏰: PÅMELINDGSFRIST: 27 JULI.

RUSFRITT ARRANGEMENT❗️

GENERELT OM CUPEN:
Samarbeidslaga Vaksdal/Dale/Stanghelle- Senior inviterer til "gatecup" på Vaksdal.
Vertshuscupen er for alle som ynskjer å spela fotball, f.o.m. året dei fyller 15 år og oppover. Me ynskjer med dette å aktivisera fastbuande og tilreisande til ei "uhøgtidleg" og sosial fotballhelg utan for mykje alvor.

Få med deg vener/slektningar/naboar og meld dykk på i ein av klassane nedanfor.

👱🏼‍♀️KLASSE 1- Damer - inntil 3 aktive pr- lag, der alle kan vera på bana samstundes.
1 keeper og 5 utespelarar.

👱‍♂️KLASSE 2 - Herrer Aktiv klasse - inntil 3 aktive pr- lag, der alle kan vera på bana samtidig.
1 keeper og 5 utespelarar.

🧔‍♂️KLASSE 3 - Herrer Uaktiv klasse- Ingen aktive. 1 keeper og 5 utespelarar.

DEFINISJON AV AKTIVE:
Herrer: aktive spelarar er dei som har spela 11’er fotball på seniornivå i 6. divisjon eller høgare i 2025. ❗️OBS: U19 regel. Dei under 19 år vert rekna som «ikkje aktiv» uavhengig av kva nivå ein har spela på. Fyller du 19 år i løpet av 2025 vert du rekna som aktiv dersom du har spela i 6. div eller høgare.❗️NYTT i år: Dei som fyller 35 år eller er eldre i 2025 vert rekna som ikkje-aktiv.
Damer: Aktive spelarar er alle over 20 år og under 35 år som har spela 5. divisjon eller høgare i 2025. Dei som fyller 35 år eller er eldre i 2025 vert rekna som ikkje-aktiv. Alle under 20 år vert rekna som ikkje-aktive.

NB! Hugs leggskinn
spelarar som evt. ikkje nyttar leggskinn kan bli vist bort frå bana og kan fyrst koma innpå igjen når dette er retta opp
dei som evt. ikkje nyttar leggskinn gjer dette på eige ansvar i høve til evt. skadar.

⏰ SPELETID: 2x12 minutt pr. kamp.

Oppmøte med registrering og levering av laglister i sekretæriatet min. ein halv time før fyrste kamp. OBS: maks 12 spelarar pr. lag.

👨‍⚖️DOMMARAR:
Arrangøren stiller med dommarar.
👘UTKLEDNING:
Me håper å sjå mange lag i forskjellige kostymer og utkledning. Det blir premie for beste kostyme blant laga.
🏆PREMIER:
Premieutdeling etter finalane laurdag.
Premiering for blant anna:
- Beste KOSTYME
- Fairplay

ALL BRUK AV ALKOHOL INNE PÅ OMRÅDET ER FORBODE!

PÅMELDING:
Påmelding skjer ved å senda oss (Vaksdal IL- Seniorfotball) ei melding på messenger. Alternativt på E-post til a2VubmV0aF92aWs5MCB8IGhvdG1haWwgISBjb20= innan 27.07.25
💰Deltakaravgift:
Kr 1.200,- pr. lag. Skal vera betalt før turneringsstart. VIPPS 104127, velg «påmelding cup» og merk med lagnamn.


Also check out other Workshops in Bergen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Vaksdal Idrettslag, Krekane 19, 5725 Vaksdal, Norge, Bergen, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Vaksdal IL - Seniorfotball

Vaksdal IL - Seniorfotball

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Vertshuscupen 2025, 1 August | Event in Bergen | AllEvents
Vertshuscupen 2025
Fri, 01 Aug, 2025 at 05:00 pm
Interested and saved to the app Marked event as Interested and saved to the app
Open App