For tredje år på rad avsluttar me Samnanger Pride med ein pubquiz på Bjørkheim Kro & Motell! Etter paraden og dagens program held me fram feiringa av mangfald og kjærleik med ein inkluderande og morosam quiz 🌈✨
🧠 Quizmaster: Torstein Nesheim
Komikar Torstein Nesheim er tilbake som quizmaster! I år byr han ikkje berre på kløktige spørsmål, men også ekstra innslag av standup undervegs. Torstein er ein lovande, up-and-coming komikar frå Bergen, kjend for å snu kvardagslege situasjonar til absurde og gjenkjennelege poeng. Han har stått på scener som Ole Bull Scene og Forum Scene - og no er han klar for å ta turen tilbake til Samnanger!
📅 Praktisk info:
- 19:00: Dørene opnar. Innerste salen er open for dei som vil samlast og varme opp stemninga før quizen startar. Det er mogleg å kjøpe seg mat fram til kl 20:00.
- 20:00: Bjørkheim Kro & Motell stenger for ordinær drift, og me opnar resten av lokalet for pubquizen.
- 01:00: Slutt for kvelden.
- Inngang via selskapsinngangen - døra som ligg nærast Kamille.
- Inngang: 150 kr per person (betalast med Vipps i døra)
- Aldersgrense: 18 år
- Merk: Pubquizen er berre open for påmeldte deltakarar
📩 Påmelding:
Send oss ein melding her på Facebook med antal personar (max 6 per lag) og lagnamn.
Trykk “interessert”, samle laget og hald av kvelden – me gler oss til å sjå dykk! 🥳
You may also like the following events from Samnanger Pride:
Also check out other
Business events in Bergen.