Boknatta 2025, 28 June | Event in Bergen | AllEvents

Boknatta 2025

Den norske bokbyen

Highlights

Sat, 28 Jun, 2025 at 01:00 pm

10 hours

Den norske bokbyen

Advertisement

Date & Location

Sat, 28 Jun, 2025 at 01:00 pm to 11:00 pm (CEST)

Den Norske Bokbyen

Mundal, Knarvik, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Boknatta 2025
PROGRAM

13.00
Opning av Boknatta

Stad: Utescena
Billett: Gratis

13.30
Timothy mister seg sjølv
- høgtlesing med Vegard Markus

Av og til ramlar menneske saman. Og det er nettopp det som skjer med Timothy. Det er berre ein ting å gjera; han må samla seg. Men det er ikkje alltid så lett å hugsa kven ein var. Kva er opp og ned på eit øre, til dømes? Og korleis ser ein forskjell på arm og bein. Med lim og optimisme går Timothy laus på oppgåva. Vegard Markhus er ein premiert barnebokforfattar og for "Timothy mistar seg sjølv" vant han Nynorsk barnelitteraturpris. Den vart også kåra til ei av dei beste nynorske biletbøkene sidan år 2000 . Det blir alltid leik og latter når Vegard Markhus les for barna.

Stad: Tusund
Billett: Gratis

13.30
Sjakkgeniene
- foredrag med Hans Olav Lahlum

I dette foredraget får me høyra verdshistoria til sjakken fortalt gjennom portrett av dei 16 verdsmeistrane frå 1886 fram til i dag. Sentralt i historia presentert av ein av Noregs mest kjende sjakkommentatorar er dessutan spørsmålet om vesenet til sjakkgeniet: kva personlegdommar og karakterar skjuler seg bak dei geniale sjakktrekka?

Stad: Kyrkja
Billett: Festivalpass

14..00
Rockesokk
- konsert med Naboen min

Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albuma spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Heilt sidan dei vaks opp som naboar, har dei samarbeida om ulike musikalske prosjekt. Live har Naboen Min som oftast med seg Einar Olsson (trommer). For plata "Rockesock" mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.

Stad: Utescena
Billett: Gratis

15.00
Kva tenker du på?
- høgtlesing med Brynjulf Jung Tjønn

Jenta i denne forteljinga elskar å vere med pappaen sin på tur i skogen. Saman drar dei på overnattingsturar, bygger gapahuk og grillar pølser og marshmallows. Men ein dag dei er ute på tur, får pappa ein telefon. Og denne telefonsamtalen endrar pappa heilt. “Kva tenker du på?” er ei bildebok om å vere liten og skjøne at verda er større enn ein først hadde trudd. Om å forstå at også foreldre har historier dei ber på. Boka kom ut denne våren, og har hausta strålande kritikkar.

Stad: Tusund
Billett: Gratis

15.00
Inni er vi alltid unge
- foredrag med Sissel Gran

Ein dag ho går igjennom byen, møter Sissel Gran plutseleg eit spøkjelse på høglys dag. Der i butikkvindauget ser ho refleksjonen av mor si. Men det er jo ikkje mora, det er henne sjølv! Det er ei sjelsetjande oppleving. Me veit jo alle at me skal bli eldre. Men det kjem likevel som ei overrasking på dei fleste når ein innser at ein har vorte gammal. I boka "Inni er vi alltid unge - aldringsmeditasjonerr" utforskar Gran vesenet til aldringa, og om det finst uventa gleder i innspurten i livet. Dessutan, om me ikkje har eit tidlaust indre sjølv som aldri må undervurderast.

Stad: Kyrkja
Billett: Festivalpass

15.30
Tvers gjennom fylket
- boklansering med Fjærland sogelag

I år er det 40 år sidan frigjeringa: Våren 1985 vart det gjennomslag i Fjærlandstunnelen og ei ny tid kunne byrja. No kjem boka om Fjærlands lange vegkamp. Forfattar Terje Eggum fortel om prosjektet.

Stad: Utescena
Billett: Gratis

16.00

Menn som nesten elska meg
- langlesing med Katrine Sele

Forfattar og journalist Katrine Sele les eit lengre utdrag frå “Menn som nesten elska meg: sju års lengt etter kjærleiken".

Stad: Gamleposten
Billett: Festivalpass

16.30
Tung tids tale
- langlesing med Rana Issa

Forfattar og omset Rana Issa les eit lengre utdrag frå debutboka "Tung tids tale". Issas ærlege, skarpe og rike familiehistorie frå Libanon lèt oss oppleva Midtausten-konflikten som levd røyndom, slik det sjeldan har vorte gjort før i norsk sakprosa. Dagbladets melder beskreiv boka som “en gave av innsikt til oss som ennå ikke har måttet flykte.” Klassekampen: “Denne boka er en triumf, både i språk og innhold.”

Stad: Gamleposten
Billett: Festivalpass

16.30
Det skulle ingen tru
- samtale med Ben Ward

Kva får ein ung mann frå London til å forlata byliv til fordel for ein aude gard ved Sognefjorden? Då Benjamin Ward flytta inn på Kroken gard, hadde ingen budd der på 60 år, og det syntest. Men gjennom hardt arbeid og pågangsmot har han forvandla plassen til eit mini-paradis. Og etter han deltok i NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" er han den mest ettertrakta ungkaren i landet. Me spør Ben kvar han kjem frå, og kvar han skal.

Stad: Kyrkja
Billett: Festivalpass

17.30
Om morsmål, mødre og Midtøsten
- samtale mellom Rana Issa og Solveig Mork Holmøyvik

Denne våren debuterte Rana Issa med memoarboka "Tung tids tale". Tittelen er inspirert av Haldis Moren Vesaas´dikt om andre verdskrigen. I dag bur Issa i Oslo med dei to barna sine, men ho er fødd og oppvaksen i Libanon. Moren kom frå ein palestinsk flyktningfamilie og faren var libanesar. Issa kallar seg palestinar og seier det er eit politisk val. "Tung tids tale" er eit jublande, rasande og levande portrett av storfamilien som omgav Rana Issa i oppveksten.

Stad: Utescena
Billett: Festivalpass

18.30
Kvit norsk mann/Norsk kjærleik
- poesikonsert med Eirik Havnes og Brynjul Jung Tjønn

Komponist og musikar Eirik Havnes toneset Brynjulf Jung Tjønns opplesing frå “Kvit norsk mann” og “Norsk kjærleik”.

Stad: Utescena
Billett: Festivalpass

19.30
Om heimløyse og heimelengt
- samtale mellom Brynjulf Jung Tjønn og Katrine Sele

Sist gong Brynjulf Jung Tjønn besøkte Boknatta hadde han nettopp gitt ut "Kvit norsk mann" til unison applaus frå både kritikarar og lesarar. No er han aktuell med "Norsk kjærleik" som kan lesast som eit framhald av prosjektet i den førstnemnde boka. Der "Kvit norsk mann" fokuserer på rasisme og lengten etter norskdom, er "Norsk kjærleik" meir ei utforsking av transnasjonal adopsjon. Førre Boknatt leidde Katrine Sele samtalen med forfattaren, og i kveld plukkar dei opp tråden og held fram samtalen. Korleis har livet vore sidan sist? Og stemmer det at han lengtar tilbake til Sogn.

Stad: Utescena
Billett: Festivalpass

20.30
Om lengt, lidenskap og litteratur
- samtale mellom Sissel Gran, Katrine Sele og Christian Kjelstrup

Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, vart ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekka til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho byrja å leita etter ein kjærast. Leiteaksjonen resulterte i den ferske boka "Menn som nesten elska meg. Sjå års lengt etter kjærleiken". Sissel Gran har gjennom eit heilt liv stått i kjærleikens teneste. I bøker, kronikkar og samtalar har ho rettleidd det norske folket gjennom avkrokane og blindvegane til begjæret. No møtest Sele og Gran på scena for ein samtale om det kvilelause begjæret. Redaktør og skribent Christian Kjelstrup leier samtalen på scena.

Stad: Utescena
Billett: Festivalpass

22.00
Kven var verst?
- med Hans Olav Lahlum og Eirik Løkke

Er Trump den verste presidenten i historia? Eller finst det sterkare kandidatar? På den siste programposten for kvelden går Hans Olav Lahlum og Eirik Løkke gjennom dei verste amerikanske presidentane frå George Washington til Donald Trump. Er sistnemnde så ille som mange vil ha det til? Eller bleiknar han samanlikna med forgjengarane sine? Etter gjennomgangen kårar me saman den absolutt verste presidenten gjennom tidene.

Stad: Utescena
Billett: Festivalpass

SLUTT

Med atterhald om endringar. Barne og familieprogram er GRATIS. Øvrig program krev festivalpass, med unntak av boklansering 15.30.

Velkomen!


Also check out other Concerts in Bergen, Music events in Bergen, Entertainment events in Bergen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Boknatta 2025 can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Den norske bokbyen, Mundal,Knarvik, Bergen, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change.We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Den norske bokbyen

Den norske bokbyen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Boknatta 2025, 28 June | Event in Bergen | AllEvents
Boknatta 2025
Sat, 28 Jun, 2025 at 01:00 pm