Sølvtrå kryssar sjangergrenser og har eit klangleg variert uttrykk der improvisasjon, rytmisk driv og fleirstemt vokal står sentralt.
Med særpreg og unik instrumentalisering skapar Sølvtrå musikk som spenner frå lågmælte, akustiske balladar til eksplosive soloparti og meditative lydlandskap – alltid gjennom eit tett og lyttande samspel.
Hausten 2025 gav dei ut det kritikarroste debutalbumet sitt, Sølvtrå, på Øra Fonogram. Til Vossajazz tek dei med seg musikk frå plata – saman med heilt nytt materiale.
"Musikken er variert i temperatur, men hele veien svinger det upåklagelig som om de tre har holdt på med dette i tusen år. En utmerket debutplate, som jeg håper gir de tre lyst og energi til å fortsette samarbeidet. For dette er jazzmusikk vi mer enn gjerne hører mye mer av." Jan Granlie - salt peanuts*
Ingeborg Gravem Sollid - vokal, synth, perkusjon
Selma Edwards Granly - cello, vokal, perkusjon
Børge Tandberg Brustad - fele, cavaquinho, mandocello
Foto: Sofie Berrefjord
You may also like the following events from Vossa Jazz:
Also check out other
Music events in Voss,
Entertainment events in Voss.