Vossa Jazz 2026, 27 March | Event in Voss | AllEvents

Vossa Jazz 2026

Vossa Jazz

Highlights

Fri, 27 Mar • 12:00 PM

Vangsgata 6, 5700 Vossavangen, Norway

125+ people are Interested
Advertisement

Date & Location

Fri, 27 Mar • 12:00 PM (CET)

Vangsgata 6, 5700 Vossavangen

Vangsgata 6, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Vossa Jazz 2026
Kjære publikum,

Vi har eit utruleg tilfang av kunstnarar i Noreg. Jazzmusikarar i verdsklasse, nobelprisvinnarar i litteratur, biletkunstnarar og banebrytande scenekunstnarar og koreografar som har prega sin generasjon.

Dette er ein del av vår nasjonale identitet, men det er også ein økonomisk ressurs, som vert eksportert til utlandet, som vert omsett i heile Noreg, og som skapar ringverknader for andre verksemder som service og transport. Dette må vi vere klar over og hegna om som samfunn. Parallellt med velferdsstaten vaks det fram ordningar i Noreg som gjorde det mogleg for ålmenta å leva av det å skapa kultur.

Ein tredjedel av musikarane som vitjar Vossa jazz i år har eit langt arbeidsliv framføre seg i musikkbransjen. Dei held høg kvalitet og kjem til å verta del av kultureksporten i framtida. Me er alle tent med å tenkje på kulturstønaden som ei langsiktig investering. Kulturkonferansen i år skal handla om dette. At me må vere klar over kva vi har og ikkje la det byggjast ned over tid.

Festivalen er samansett av nokre utanlandske, men mest norske artistar. Som festivalleiar treng ein altså ikkje sjå utover eigne landegrenser for å finna musikk i verdsklasse til festivalen. Tenk på dette når du set deg ned med opningskonserten til Daniel Herskedal Trio, konserten med Charlotte dos Santos eller Tingingsverket til Lars Horntveth. Pris deg lukkeleg over at ungane våre får oppleva kultur der dei bur når du går hand i hand med dotter di i Badnajazzparaden. Merk deg at mangfaldet og kjønnsbalansen i festivalen ikkje hadde vore like lett å få til om ikkje Kulturrådet, hadde gjort det mogleg for folk med alle bakgrunnar å skapa kunst.

Det er ei sann glede og eit stort privilegium som festivalleiar å få servera dykk kvalitet av høgste hylle. Vossa Jazz har levert jazz sidan 1973, og det kan me halda fram med, takka vere gode støttespelarar både nasjonalt og lokalt.

Velkomen til festival, alle Vossajazzarar!

Helsing Frøydis Århus
Festivalleiar Vossa Jazz

https://vossajazz.no/program/
https://vossajazz.no/frivillig/


You may also like the following events from Vossa Jazz:

Also check out other Music events in Voss, Entertainment events in Voss, Festivals in Voss.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Vossa Jazz 2026 can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Vangsgata 6, 5700 Vossavangen, Norway, Vangsgata 6, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway
Reserve your spot

Host Details

Vossa Jazz

Vossa Jazz

5 Followers

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Vossa Jazz 2026, 27 March | Event in Voss | AllEvents
Vossa Jazz 2026
Fri, 27 Mar • 12:00 PM