SÓLR – Morgonrave i Gamlekinoen
1. desember kl. 07.00–08.30
Når mørketida legg seg rundt bygda, tenner me lys inni oss.
SÓLR er eit morgonrave for alle som vil starte dagen med varme, rørsle og fellesskap – før jobb, skule og barnehage.
Gamlekinoen fyllast med morgonglød, musikk, glitter og glade fjes.
Dans litt, dans mykje – kom som du er, eller pynt deg om du vil.
Musikken:
BobY (Kristian) er ein musikkentusiast, som elskar musikk med leikne tonar som kjenst på kroppen. Musikken har eit stort spekter av både behagelige lydar og musikk som rive litt i deg, og gjerne med en filosofisk vri.
💛 Donasjonsbasert
Betal det du vil eller kan, så hjelper du oss å dekke leiga av lokalet.
☕ Kaffi og te kan kjøpast – me har varme koppar klare til deg.
Ta med naboen, venene, ungane – eller berre deg sjølv.
Me dansar dagen inn.
SÓLR skiner på alle og DJ-en spelar til alle har kommet seg på jobb/heim/fjellet osb 🌞✨