Har du mista jolestemninga? Null stress, me har meir enn nok på lager! 🎄✨
Tredje året på rad er TAUS og Frida Amundsen er tilbake, klare for å varma hjarter med ei heilt ny juleforteljing fletta saman med både kjente julesongar oversatt til norsk, eigne original-låter og barnekor. Éi magisk oppleving for heile familien.
Dei to siste åra har konserten vorte utseld, så her er det lurt å sikre seg billettar i god tid!
Billett:
https://sprilt.ticketco.events/no/nb/e/julekonsert_med_taus_og_frida_amundsen__voss_30_november
Dato: 30. november
Stad: Meieriet
Klokkeslett: 18:00
Det blir eventyr, musikk, latter og tårer pakka inn i ei julegåve til deg 🎁
---------------------
TAUS
Bak artistnavnet TAUS står 24 år gamle Oda Eirin Almeland frå Voss.
TAUS har tatt musikknorge med storm det siste året med låter som Tyven, Angra ingenting og Sett fyr på himlen som alle vart A-lista på NRK P1!
Våren 2025 vart Angra ingenting også den mest spelte norske låta på norsk radio.
I mars vant TAUS Vestlandssatsinga 2025 og spelte over 15 festivalar same sommaren. På Festidalen trilla anmelder terningkast 5!
Hausten 2025 spelte TAUS på By:Larm i Oslo kor ho også vart nominert til «Årets Stjerneskudd» av Norsk Tipping.
FRIDA AMUNDSEN
I 2023, etter ei lengre pause frå artisttilvære, vendte Frida Amundsen tilbake til karrieren, men denne gongen med låtar på norsk. Dei første utgivelsane var norske oversettingar av kjente låtar som «When You Say Nothing At All», «Save Your Tears» og «How Do I Say Goodbye».
I 2024 slapp ho også ein EP med julelåtar. No om dagen er ho aktuell med orignal låta SPOR, som er A lista på P1. Ho jobbar med eit album med norske orginal låtar med jordnære tekstar om opp og nedturer i livet som er ventet våren 2026!
You may also like the following events from Oda Eirin: