Kveldskurs i kart & kompass, 27 May | Event in Voss | AllEvents

Kveldskurs i kart & kompass

Voss Utferdslag

Highlights

Tue, 27 May, 2025 at 04:30 pm

5 hours

Liaset , Voss

Advertisement

Date & Location

Tue, 27 May, 2025 at 04:30 pm to 09:30 pm (CEST)

Liaset

Haugateigen 4, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Kveldskurs i kart & kompass
Kursa våre i kart & kompass var populære i fjor, og me er glade for at folk vil få meir kunnskap i å ferdast trygt i fjella våre. Bli med på kveldskurs 27. mai med dyktige Øystein Ormåsen!

Avgrensa plassar
Avgrensa plassar, meld dykk på på nettsida vår.

Kursopplegg
Eit viktig mål med dette kurset er at du skal få eit realistisk forhold til din eigen kunnskap om orientering og nokre praktiske råd om korleis du kan få større presisjon i orienteringa. Under kyndig rettleiing får du prøva ut teknikkar som vil gjera fjellturane dine sikrare og soleis gje deg større turglede.

Kurset passar både for deg som vil gå langturar i høgfjellet frå hytte til hytte, og for deg som har lyst til å utforska naturen fritt, utanfor stiar og merka ruter. Du trenger ikkje ha erfaring med bruk av kart og kompass. Me tilpassar kursopplegget slik at du får læringsutbyte enten du er nybyrjar eller har erfaring med kart og kompass frå før.

Nokre kursmoment
- Korleis lesa eit turkart: Teikn og symbolar, høgdekurver, avstandar, retningar og terrengformar.

- Bruk av kompass til å orientera kartet og til å ta ut ein kompasskurs.

- Vegval i terrenget.

- Korleis bestemma posisjonen din? Kartet sitt koordinatsystem.

- Effektiv bruk av kart og kompass på tur.Korleis fylgja ein kompasskurs?

Kven kan ha nytte av dette kurset?
- Du som nyttar fjellet til hytteturar og vandreturar både sumar og vinter.

- Du som vil auka kunnskapen om orientering med kart og kompass.

- Du som treng ei oppfrisking av gamal kunnskap.

Krav til deltakarane
Deltakarane må vera i normal fysisk form og ha klede og sko tilpassa ein fjelltur i terrenget.

Naudsynt utstyr
Ta med ein liten dagstursekk med drikkeflaske, regnklede og ein ekstra genser. Hugs gode fjellsko som tålar vått terreng. Wild Voss stiller med kartutskrift og kompass til alle. Ta gjerne med eige kart, kartmappe og kompass om du har!

Tid og stad for oppmøte
Me møtes utanfor Coop Extra Skulestadmo kl 16.30. Derfrå samkøyrer me til Liaset i privatbilar. Me er tilbake i Skulestadmo seinast kl 21.30.

Kursleiar og kontaktperson:
Øystein Ormåsen fra Wild Voss er kursleiar på disse kursa. Han er kursleiar i DNT og har lang erfaring frå fjellturar under alle forhold til alle årstider. Send gjerne ein e-post (b3JtYXNlbiB8IGdtYWlsICEgY29t) eller ring 93484041 dersom du har spørsmål om kurset.


You may also like the following events from Voss Utferdslag:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Kveldskurs i kart & kompass can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Liaset , Voss, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change.We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Voss Utferdslag

Voss Utferdslag

1 Followers

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Kveldskurs i kart & kompass, 27 May | Event in Voss | AllEvents
Kveldskurs i kart & kompass
Tue, 27 May, 2025 at 04:30 pm