Stad: Frilund ungdomshus
Tid: 15. oktober kl. 18.00
Korleis skal framtidas Lærdal sjå ut?
Lærdal kommune inviterer til folkemøte om arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen.
Kom og del dine tankar, idear og ønskjer for framtida i bygda! Alle innspel blir viktige for å forme samfunnsdelen – di stemme tel.
Tid og stad for folkemøta:
- Tysdag 30. september kl. 18.00 – Borgund samfunnshus
- Måndag 13. oktober kl. 18.00 – Ljosheim grendehus
- Onsdag 15. oktober kl. 18.00 – Frilund ungdomshus
Kva er samfunnsdelen?
Samfunnsdelen i kommuneplanen legg føringar for utviklinga av Lærdal dei neste åra. Her blir mål, verdiar og satsingsområde for kommunen bestemt – basert på innspel frå innbyggarane.
Program:
- Velkomst og introduksjon til samfunnsdelen
- Inspirasjonsinnlegg frå lokale aktørar
- Framtidsverkstad og gruppearbeid
- Pause med servering
Me ønskjer brei deltaking frå alle delar av bygda – unge, eldre, næringsliv, frivillige og deg som bur her!
Velkomen til folkemøte – di meining er viktig!
Arrangør: Lærdal kommune
Sjå film:
You may also like the following events from Lærdal kommune:
Also check out other
Entertainment events in Voss.