Mjuk yoga i koselege lokaler på Gamleskulen!
Timane er tilpassa alle nivå og me startar med å landa på matta og i oss sjølv ved bruk av pusteteknikk. Me går gjennom ulike yogaposisjonar i roleg tempo. Alle timane vert avslutta med ei lang god avspenning.
Eg har gode ullmatte, bolster, klosser og band som er god hjelp i timane.
Målet er å lindre smerter/spenningar i kroppen, redusere stress, auke fleksibiliteten i heile kroppen og gi ein følelse av ro og lettheit.
Ta med eiga matte om du har, dersom ikkje så har eg nokre ekstra. Det er også godt med eit teppe, ullsokkar, litt vatn og gjerne ein pute til avspenning.
Kom gjerne 10 minutt før timen startar, så du får tid til å «lande» på matta.
Påmelding:
Vipps kr 2.000 og send meg ei melding så er du med
Anita tlf. 90771492 + vipps #590181 Anemone Yoga
Minimum 8 påmeldte for at kursa startar
Gleder meg til å sjå deg på matta
Also check out other Health & Wellness events in Voss, Music events in Voss, Entertainment events in Voss.