Temamøte: Nasjonalpark på Sunnmøre?, 13 August | Event in Volda | AllEvents

Temamøte: Nasjonalpark på Sunnmøre?

Naturfestivalen

Highlights

Wed, 13 Aug, 2025 at 06:00 pm

Ørsta folkebibliotek

Advertisement

Date & Location

Wed, 13 Aug, 2025 at 06:00 pm (CEST)

Ørsta folkebibliotek

Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Temamøte: Nasjonalpark på Sunnmøre?
Forslaget om å etablere ein nasjonalpark i Sunnmørsalpane vart lansert av regjeringa i 2022, men vart då avslått av Ørsta kommunestyre. Etter ny lokal interesse og engasjement frå både Naturvernforbundet og lokalpolitikarar, vedtok kommunestyret 27. mars 2025 å gjenoppta prosessen. Kommunen har no bede om ei orientering frå Statsforvaltaren og administrasjonen om korleis ei ny utgreiing kan gjennomførast.

Som ein del av programmet på Naturfestivalen inviterer Naturvernforbundet i Ørsta og Volda til eit ope temamøte om saka. Her vil dei presentere synspunkt på kvar og korleis ein eventuell nasjonalpark kan etablerast, og om aktuelle problemstillingar knytt til auka ferdsel i det aktuelle området. Det blir lagt til rette for spørsmål og kommentarar frå publikum om kva eit slikt formelt vern vil bety – både for naturen, for lokalsamfunnet og for framtidig verdiskaping.

Program:

1. Hovudinnlegg: Torgeir Parr Dimmen, Naturvernforbundet

2. Kortare innlegg: Lokalpolitikarar og organisasjonar, blant anna Are Folkestad (V), som fremja interpellasjonen som førte til at saka vart gjenopptatt, og Stig Helset frå Sunnmørsk Klatreklubb.

3. Open samtale: Spørsmål og kommentarar frå publikum

Målet med møtet er å skape ein inkluderande arena for informasjon, refleksjon og dialog om framtida til Sunnmørsalpane og deler av Hjørundfjorden som mogleg verneområde – med vekt på naturvern, friluftsliv, lokal forvalting og berekraftig utvikling.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkommen!


You may also like the following events from Naturfestivalen:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Ørsta folkebibliotek, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Naturfestivalen

Naturfestivalen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Temamøte: Nasjonalpark på Sunnmøre?, 13 August | Event in Volda | AllEvents
Temamøte: Nasjonalpark på Sunnmøre?
Wed, 13 Aug, 2025 at 06:00 pm