QUIZ er tilbake på TIK, og vi er så heldige å få med oss Quizmaster HAAKON på laget!
Påmelding frå kl. 18:00.
QUIZ startar kl. 20:00.
Quizane til Haakon er artige lavterskel-quizar for alle, så her treng du ikkje vere rakettforskar eller ha doktorgrad for å vere med. Målet med quizane er å ha det kjekt med gode vener i godt lag, og ikkje nødvendigvis føle seg så steike smart😉
Denne fredagen er temaet LOKALE "TOPPAR" og YMSE!
Spennande? Ja det tykkjer vi også🥳
Reglane er:
- Kvart lag kan ha maks 5 personar
- Vinnarlaget vinn ein fin premie
- Eitt lag vinn ein trøystepremie
Deltaking: Kr. 100,- pr. person
Vi gjentek: QUIZ startar kl. 20:00, men det er lurt å møte opp tidleg for å få gode plassar, og kanskje starte kvelden med ein matbit og noko godt å drikke.
Fredag blir den nye Quiz-kvelden på TIK, og vi kjem til å kome med ein eigen Quiz-meny som blir presentert i Quiz-veka.
Etter Quiz blir det sjølvsagt høve til å fortsette festen og kose seg saman med gode vener eller kolleger heilt fram til kl. 02:00.
🩷 Hjarteleg velkomen til QUIZ på TIK 🩵
You may also like the following events from Tik Café & Restaurant:
Also check out other
Contests in Volda.