SKK si tradisjonsrike Molladalssamling er lagt tidleg i August i år, dette for å ha fleire helgar å spele på i tilfelle dårleg vær!
Dato : 8-10 August!
Ta med deg telt og klatreutstyr og bli med på denne kjekke samlinga i Sunnmøre sin suverent vakraste dal. Vi håper sjølvsagt på tørr stein og greie temperaturar, slik at mange får høve til prøve seg på nye og gamle linjer i veggane. Det vert ekstra god stemning om alle tek med seg ein vedkubbe til kaffibålet på laurdagskvelden. (Ved vert lagt ut på parkeringsplassen).
Om du ikkje har klatrepartnar denne helga er facebook-gruppene Sunnmørsk Klatreklubb medlemsgruppe og Klatring på Søre Sunnmøre gode stadar å leite.
På kveldane vert som vanleg utveksling av erfaringar, lyging, skryt og ros, middelmådige vitsar, kanskje eit musikalsk innslag frå ein byggmeister og din eigen medbrakte mat på primusen. Utover dette har ikkje SKK korkje program eller ansvar for det deltakarane på samlinga gjer i fjellet.
Ta vare på den kjære dalen vår!
Hugs å ta med deg lighter for å brenne opp dasspapiret ditt, eller ein eigen pose til å ta det med deg ned i.
Det er inga påmelding til dette arrangementet, men kjekt om du trykker på "skal" slik at folk kan ta kontakt med kvarandre for å planlegge ruter, køyring, teltdeling og så vidare. Klatring i fjellet er som de veit ein risikoaktivitet som utførast på eige ansvar. SKK oppmodar til medviten bruk av fjellvett, tau og hjelm.
Vel møtt, og spre ordet!