På kyrkjeveg frå Åseral til Bygland
Velkomen til ein ny tur på gamle kyrkjeveger. I år skal me gå frå Åseral til Bygland. Turen tek til sundag 17.08.
På kyrkjeveg frå Åseral til Bygland – sundag 17. august
Bygland og Åseral sokn arrangerar vandretur frå Åseral til Bygland sundag 17. august. Turen går etter Normannsvegen, ein gamal ferdselsveg mellom Åseral og Setesdal. Den blei og brukt av prest og dækne i den tida Morstøyl sokn var anneks under Åseral.
Felles busstransport frå Bygland kyrkje til Lognavatn Grendehus kl. 07.45.
Felles busstransport frå Lognavatn Grendehus til Espelid kl. 09:00.
Felles busstransport frå Åraksbø via Bygland kyrkje og attende til Åknes kapell rundt kl.21.00.
I Espelid startar vandringa kl. 09.30. Det er ein krevjande tur i ulendt terreng.
Turen er på eige ansvar og kan ikkje tilrådast dersom ein ikkje er turvant og i god form.
Deltakarane må ha gode turklede og fjellsko. Ha med niste, kopp og eventuelt drikke.
Det er omlag 12 km frå Espelid til Skomedalsheia, og ein reknar med å bruka rundt 8 timar på turen.
Kultur og naturlosar: Kari Røynlid og Olav Grendstad.
Framme på Skomedalsheia vert det busstransport til Sandnes kyrkje Åraksbø
Kl. 18:00: Mat og drikke i Åraksbø Grendehus
Kl. 19:00: Fellesgudsteneste i Sandnes kyrkje Åraksbø
Talet på deltakarar er avgrensa, så meld deg på snarast mogeleg.
NB! Alle som ønskjer felles busstransport må melda seg på innan fristen!
Du må og seia ifrå om kor du møter fram, og kva strekning du ynskjer plass for.
Pris pr. deltakar kr. 250,-
Deltakaravgifta kan sendast på VIPPS til 545689 Bygland og Årdal sokn.
Påmeldingsfrist: laurdag 16. august.
Påmelding på SMS til Olav Nilsen tlf. 982 99 711.
Alle er hjarteleg velkomne til Fellesgudstenesta i Sandnes kyrkje Åraksbø!
Arrangør: Bygland og Årdal sokn og Åseral sokn