Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien! Line Dybedal og bandet skal halde sommarkonsert i dei nydelige omgjevnadene ved dammen.
Bli med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman. Med si varme og klåre stemme tek Line deg med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi – der havet, fjella og livet på Vestlandet spelar hovudroller i songane.
Line Dybedal har vorte mykje spelt på NRK P1 og P3, og albuma hennar har fått strålande kritikk med terningkast 5 og 6 frå begeistra anmeldarar. I 2023 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen (NRK Sogn og Fjordane), for sin sterke musikalske identitet og evne til å formidle kjensler i musikken.
Konserten er ein del av kulturdagen på Sagedammen, ein dag der lokalmiljøet samlast rundt kunst, mat, aktivitetar og gode opplevingar for store og små. Ta med deg familien, finn deg ein plass i graset og bli med på ein dag fylt av varme, glede og levande musikk i eit av dei vakraste konsertområda i regionen.
Pris for konsert:
Vaksen: 325,-
Barn og ungdom under 20 år: gratis
Velkomen til ein magisk dag ved Sagedammen!
Also check out other Arts events in Stryn, Concerts in Stryn.