❤️JULEKONSERT OG ADVENTSKOS!❤️
Opplev ✨️JULEMAGI✨️ i Nedstryn Kyrkje, torsdag 11.desember kl.18.00. Vi har med oss artisten Line Dybedal, som saman med musikalske ungdomstalent frå vår eiga bygd skal gje oss vakre tonar og deilig førjulsstemning. VI ØNSKJER SPESIELT UNGDOMAR VELKOMNE DENNE KVELDEN💛 Konserten er GRATIS, men du må bestille billett (meir info under).
Etter konserten inviterer vi alle ungdomar til å bli med vidare på ✨️ADVENTSKOS✨️ i Foajeen i Stryn Kulturhus (frå kl.20-22). Her blir det julegraut, gløgg og pepperkaker, LODDTREKNING AV FLOTTE GEVINSTAR og god førjulsstemning. Her er inga påmelding - berre å møte opp! PS: Buss direkte frå kyrkja til kulturhuset!
📆 BILLETTAR:
BÅDE KONSERT OG ADVENTSKOS PÅ KULTURHUSET ER GRATIS! MEN DU MÅ BESTILLE BILLETT TIL KONSERTEN!
Billettane vil bli holdt av til ungdomar fram til 1.desember. (Link til påmelding vil bli delt på dei ulike ungdomsskulane og Stryn Vgs). Etter dette vil resterande billettar vere tilgjengeleg for alle, og ALLE er hjarteleg velkomne. Link til billettar vil bli LAGT UT HER 1. DESEMBER KL.18.00, der det blir førstemann til mølla for å sikre seg billett.
🚎 BUSS:
Det blir satt opp GRATIS buss til/frå konserten
-Frå Olden Ungdomsskule kl.17.00
-Frå Strynehallen kl.17.20
-Retur til Stryn Kulturhus etter konserten
Påmelding til bussen blir tatt på dei enkelte skulane/klassane i forkant av arrangementet.
🎉 ARRANGØRAR / INITIATIVTAKARAR:
Initiativtakarar for Julevarme i Stryn 2025 er Siv-Carina Vikestad og Even Dispen, og gjennom stønad frå deira bedrifter Fjordferd Begravelsesbyrå og Nordfjord Trafikk blir konserten gjort gratis for alle. Arrangementet blir gjennomført i nært samarbeid med Ung i Stryn og Stryn Kulturskule. Saman ønskjer vi å gje ungdom i Stryn ei fin førjulsoppleving, og noko dei kan ta med seg inn i jula
Vi må også nemne dei mange gode og positive støttespelarane i bygda, som har bidratt mykje for at dette skal bli ein kveld vi seint vil gløyme!
Takk til: Olden Cruise v/Joar Strand, Sparebank1 SMN, Smak Catering.
Also check out other Concerts in Stryn.