Sykkylvsjenta Lena Fet har lenge hatt ein draum om å gjere ein hyllest til Eva Cassidy. Denne laurdagen skal draumen oppfyllast på Storfjord Kulturhus!
Dette fortel Lena Fet om konserten:
-No kan eg fortelje noko kjekt, om eit stort prosjekt for meg, rett og slett ein draum i oppfylling. Eg skal endeleg få gjennomføre ein Eva Cassidy konsert saman med flotte songarar og musikarar.
Eva Cassidy var ei av dei store mix voice songarane, og ho gjekk ikkje på noko songundervisning. Ho var ei av desse naturlege songarane. Eg trur ho aldri skjønte kor flink ho var, ho sleit stadig med dårleg sjølvtillit og likte best å stå lengst bak i bandet, eller å stå i mørket.
Cassidy vart dessverre ikkje kjend før etter sin død, og det gjer leit å vite at ho ikkje fekk oppleve suksessen. Ho hadde nok turnert verda rundt og blitt ei enda større stjerne.
Under konserten, så skal eg snakke litt om livet til Eva Cassidy, mellom, og gjennom songane. Kvar song har si historie. Eg hadde aldri klart å gjennomført konserten åleine, så eg er glad for å ha med alle dei fantastiske songarane og musikarane. Mange av dei veit ikkje kor dyktige dei er, slik som Eva Cassidy?
På scena:
Lena Fet, vokal og gitar
Anette Fet, vokal
Leon Sætre, gitar
Andre Ramstad, piano
Bente Bjørnestad Myrseth, vokal
Malin Gjerde Yri, vokal
Peder Lundanes, bass
Sondre Kvistad Utgård, trommer
Helen Eriksen Røberg, vokal
Anja Naustenget, vokal
May-Anita Horvli, vokal
Billett: kr. 350,- for vaksne, born under 16 år: gratis
You may also like the following events from Storfjord Kulturhus:
Also check out other
Concerts in Stryn,
Music events in Stryn,
Entertainment events in Stryn.