Vi inviterer deg til ein lovleg aksjon for å markere at Nordic Mining ikkje må dumpe gruveslam i Førdefjorden.
Meld deg på i dette skjemaet om du vil vere med:
https://event.checkin.no/113221/markering-for-foerdefjorden
22. og 24. mai har Nordic Mining invitert politikarar og presse til å sjå på anlegget, og høyre om Engebøprosjektet. Prosjektet der gruveselskapet skal drive ope dagbrot i Engøfjellet, og dumpe opp mot 170.000.000 tonn giftig gruveslam i Førdefjorden.
Torsdag 22. mai inviterer vi deg som er for ein levande Førdefjord til ei lovleg og fredeleg markering mot dumpinga i fjorden. Møt opp utanfor butikken i Vevring 09:30
Laurdag 24. mai er det fest for Førdefjorden i Myraløa frå 14:00-19:00, med mat, historier frå fjorden og musikk av Sliteneliten og Mikkel Rev. Ynkjer du å bli med på akjson denne dagen og, kan du møte oss utanfor Vevring skule 12:00
Det er mogleg å overnatte i Vevring. For å vite korleis vi skal huse alle, vil vi gjerne at du melder deg på i skjemaet. Du må sjølv organisere og betale for reise til og frå Vevring. Ta kontakt med oss om det er vanskeleg!
Lokallag i Natur og Ungdom kan nytte lokallagsfondet til å dekke reiseutgifter, om styret vedtek det.
Nordic Mining har løyve til å dumpe 170 millionar tonn med giftig gruveslam i Førdefjorden. På veslejulaftan i 2024 varsla dei oppstart av prosjektet. Men så vidt vi veit, har dei ikkje dumpa så mykje som eit gram enno!
Gruvedumping er ei utdatert og miljøskadeleg deponiform, som burde ha vore forbode for lenge sida. EFTA-domstolen er einige med oss i dette, og kom nettopp med eit utsegn som blir viktig når Fjordsøksmålet skal i Lagmannsretten i juni.
Bli med å markere at vi vil ha ein frisk og rein Førdefjord!
Meld deg på i påmeldingsskjemaet om du vil vere med ein eller båe dagane!
Følg med på nettsida:
https://www.nu.no/fordefjorden
You may also like the following events from Natur og Ungdom:
Also check out other
Festivals in Oslo.