Vil du vere med på ein praktisk og innhaldsrik handverkssommarleir, med ungdom frå heile Noreg?
28. juli - 4. august kan du slå eit Hammarslag for framtida på Eidsvoll bygdetun!
Hammarslag for framtida er ein sommarleir for deg mellom 15 og 25 som vil lære meir om praktisk handverk og natur.
I løpet av veka får du prøve deg på ulike handverksteknikkar, som maling og koking av maling, snikring, høvling og handtering av verktøy.
I tillegg skal vi på på tur i skogen, der vi får følge trea frå skog til byggematerial, høyre om vern og berekraftig skogbruk.
...og så skal vi sjølvsagt ha det gøy: sykle, bade, ete god mat, og bli kjent med nye folk og ein ny plass!
Les meir om arrangementet på nettsida vår:
https://www.nu.no/hammarslag
Eller følg med på instagram!
https://www.instagram.com/hammarslagforframtida/
Arrangementet er i regi av Natur og Ungdom, men du må ikkje vere medlem i NU for å delta.
Alle mellom 15 og 25 kan melde seg på Hammarslag for framtida.
Vi stiller ingen krav til forkunnskapar, ikkje om handverk og ikkje om politikk. Vi lærer og har det gøy saman!
Det er 20 plassar på arrangementet, og her er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Skund deg å melde deg på!
Deltakaravgifta er 100kr. Ta kontakt om du ikkje har moglegheit til å betale denne!
You may also like the following events from Natur og Ungdom: