Fagsamling for læremiddelforfattarar, 5 March | Event in Oslo | AllEvents

Fagsamling for læremiddelforfattarar

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO

Highlights

Thu, 05 Mar • 05:00 PM

5 hours

Uranienborgveien 2, 0258 Oslo, Norge

Advertisement

Date & Location

Thu, 05 Mar • 05:00 PM (CET)

Uranienborgveien 2, 0258 Oslo, Norge

Uranienborgveien 2, 0258 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Fagsamling for læremiddelforfattarar
NFFO inviterer til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for dei som skriv læremiddel. Vi serverer tapas og drikke etter samling frå kl. 20.00!

I år åpner vi opp fagsamlingen for læremiddelforfattarar for ikke-medlemmer også. Ta med ein forfattarkollega og meld dykk på i dag.

Påmelding

Frist for påmelding: 19. februar. Hugs å oppgi eventuelle allergiar/matpreferansar når du melder deg på.

Er du medlem? Meld deg på her:
https://medlem.consio.no/MinSide/Activity/Activity/50124?oid=20A87CF8-12D9-4088-960D-BB1213C1C4C6

Er du ikkje medlem? Meld deg på her: https://www.letsreg.com/no/register/fagsamlingforlaeremiddelforfattarar_28012026105526#/

Program

kl. 17:00-18:00:
May Else Nohr og Hanne Hafnor Dahl: "Vår metode i Matematikk 1" (Cappelen Damm).

Matematikk 1 fra Cappelen Damm blei tildelt gull i den prestisjetunge BELMA-utdelinga (Best European Learning Materials Awards) på bokmessa i Frankfurt i oktober 2025. Det er første gong eit norsk læremiddel i matematikk vinn gull. May Else Nohr og Hanne Hafnor Dahl er begge allmennlærarar og arbeider som fagkonsulentar i matematikk og kurshaldarar for Utdanningsetaten i Oslo.

kl. 18:00-18:15:
Pause.

kl. 18:15-19:15:
Panelsamtale med forlag om framtida til læreboksjangeren.

Kva type fornying i sjangeren trengst, ønskjer om neste reform og innhaldet i han. Kva tenkjer forlaga sjølve om digitaliseringsbølgja som har vore og er, og måtane dei har handtert denne på. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har fysiske lærebøker i grunnskulen som hjartesak, og Stortinget har løyva ekstramidler til kommunane for innkjøp av lærebøker i fleire omganger - korleis riggar forlaga seg?

Med Hanne-Mari Eide Bennett, forlagsdirektør i Gyldendal Undervisning, Anders Skogvold, forlagsdirektør for Cappelen Damm Utdanning og Lars Mausethagen, forlagssjef undervisning i Fagbokforlaget. Ordstyrar er Roman L. Eliassen, redaktør i Prosa. Det siste Prosa-nummeret er dedikert læremiddel.

kl. 19:15-19:30: Pause

kl. 19:30-20:00:
Ane Christiansen, leiar av NFFOs nyoppretta læremiddelutval og ny generalsekretær, Cathrine Sandnes, informerer om relevante saker.

Frå kl. 20: tapas og drikke.

Det faglege programmet blir strømma også. Lenkja blir publisert etter kvart.

Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, YXJyYW5nZW1lbnQgfCBuZmZvICEgbm8= / 952 01 968.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Uranienborgveien 2, 0258 Oslo, Norge, Uranienborgveien 2, 0258 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Get updates and reminders
Advertisement
Fagsamling for læremiddelforfattarar, 5 March | Event in Oslo | AllEvents
Fagsamling for læremiddelforfattarar
Thu, 05 Mar • 05:00 PM