Velkomen til årets familiedag på Vest-Telemark museum Eidsborg!
PROGRAM:
Kl. 12.00 Aktivitetar på tunet for store og små
Kl. 13.00 Program i Fellandsalen
Tradisjonsmusikk frå Setesdal og Vest-Telemark - samspel på harpe og munnharpe ved Maija Lindaas og Flora Wiederkehr
Utdeling av årets kulturpris i Tokke
Utdeling av etablerarstipend frå Minnefondet etter Signe og Arne Aas
Aktivitetar for store og små på tunet:
Mogleg å køyre hest og vogn med Museumsbonden Daniel
Gjettekonkurranser for barn og vaksne
Johannes Barstad er i Lio-smia og smir
Husflidslaget syner fram handverk og teknikkar
Slusing i kanalparken
Laftesett for dei som vil byggje hytte
Langbogeskjoting
Graving etter perler
David Hauer sit og jobbar i eit lite urmakeri
Open stavkyrkje med omvisning kl. 11.00, 13.00 og 15.00
Museet og kafeen held ope frå kl.10.00 til 17.00. Buffet frå kl. 13.00