Flemstubben 31.08.25

Sun, 31 Aug, 2025 at 09:00 am

Flemstubben 31.08.25

Flemma Idrettslag

Highlights

Sun, 31 Aug, 2025 at 09:00 am

Flemma Grendahus

Advertisement

Date & Location

Sun, 31 Aug, 2025 at 09:00 am (CEST)

Flemma Grendahus

Ørabakkan 16, Angvik, Kristiansund, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Flemstubben 31.08.25
Søndag 31.august 2025 arrangerer vi Flemstubben for 45.gong. Hovudløpet er ein runde på nesten 10 km, med start og mål ved Flemma Grendahus. Løypa startar med asfalt opp til Flemsetra, før 4,5 km med grus ned til Gagnat, og avsluttar med asfalt langs sjøen ut til Flemma.

Nytt av året er eit eige ungdomsløp på 1,3 km for 11-14 år. Dette løpet er også ein runde med start og mål ved Flemma Grendahus, og går på asfalt og grus.

Det er garderobar på grendahuset. Her er det også sal av mat, kaffe og kaker.

KLASSAR / PROGRAM

Klasse 1 (start frå 09.00): Trimklasse utan tidtaking. Kr. 100 (vaksen) / kr. 50,- (barn) / kr. 200,- (familie).

Barneløp (start 12.45): 240 m utan tidtaking. Gratis. Påmelding ved start.

Klasse 2 (start 13.00): Mosjon med tidtaking, frå 15 år. Kr. 100,-.

Klasse 3 (start 13.00): Aktive klassar med tidtaking, frå 15 år. Kr. 150,-.

Klasse 4 (start 13.05): Ungdomsklasse 1,3 km med tidtaking, 11-14 år. Kr. 30,-. Yngre deltakarar kan delta utan tidtaking.

Ca. kl. 14.30: Premieutdeling på Flemma Grendahus.

Påmelding via EQ Timing til og med laurdag 30. august for klassar med tidtaking (etterpåmelding løpsdagen mot tilleggsavgift på kr. 50,- (klasse 2) / kr. 100,- (klasse 3)).

https://live.eqtiming.com/74446#dashboard

PREMIERING
Medalje etter 3, 5 og 7 år. Uttrekkspremiar i trim- og mosjonsklasse. Premiering til alle i barneløpet og ungdomsklassen.

Kr. 1 000,- for beste tid for kvinner og menn i aktivklassane. Elles kr. 300,- for 1. plass, kr. 200,- for 2. plass og kr. 100,- for 3. plass (1/3-premiering).

Kr. 3 000,- for ny løyperekord. Gjeldande rekordar er 30.46 for menn (Johan Bugge, 2019) og 34.42 for kvinner (Live Solheimdal, 2024).

Kontakt tlf.nr. 98 07 26 75 / 94 05 36 56 for meir informasjon.


Also check out other Workshops in Kristiansund.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Flemma Grendahus, Ørabakkan 16,Angvik, Kristiansund, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Flemma Idrettslag

Flemma Idrettslag

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Flemstubben 31.08.25
Sun, 31 Aug, 2025 at 09:00 am