NB! Dørene opnar kl. 19:00. Konsert frå kl. 20:00.
Aldri kvilande Øyvind Skarbø har vore ein premissleverandør i vestlandsk musikkliv ei god stund, like heime i sær impro som i groovy James Brown. Undervegs har han stilt opp med Bly de Blyant, BMX, 1982, Crab is Crap og Håkon Kornstad for å nemna nokon, men ein million jern i ilden er ikkje nok – på Nattjazz i 2024 debuterte eit splitter nytt prosjekt.
Denne gongen med eit meir akustisk preg, og eit ønskje om å samla musikarar som aldri – eller berre så vidt – hadde spelt saman før. Ny musikk der nøye utvalde medlemar får fridomen til å setja personleg stempel på komposisjonane.
Telehiv er utvilsomt eit bra band-navn og gir eit godt bilete på korleis noko som skjer i djupare lag etterkvart vert synleg på overflata. So også med Telehiv. Ideen har nok bobla i Øyvind Skarbø sin underbevisstheit ei god stund no og kjem snart i plateform og seinere på Stamveg-turné.
I bandet finn vi mellom anna Benedicte Maurseth – ei av våre fremste felespelarar med solokarriere på Grappa og ECM. Ho gjekk i lære hjå Knut Hamre frå ho var 8 år gamal, og har undervegs samarbeidd med mellom anna Jon Fosse, Nils Økland og Berit Opheim.
Martin Myhre Olsen har vunne Spellemann med Hegge, turnert med Chick Corea og er elles å sjå med Mathias Eick, Megalodon Collective og Hedvig Mollestad, medan Ola Høyer er henta inn frå Cortex. Joel Ring og Håvard Aufles er to av Noregs mest interessante unge musikarar, med bakgrunn fra mellom anna Trondheim Jazzorkester/Gurls, og Joel and the Neverending Sextet.
Telehiv:
ØYVIND SKARBØ trommer
BENEDICTE MAURSETH hardingfele
HÅVARD AUFLES synth
MARTIN MYHRE OLSEN saksofonar
JOEL RING cello
OLA HØYER kontrabass
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 31. oktober. Dørene opnar kl. 19:00, konsert frå kl. 20:00. Dørene stengjer kl. 22:00.
Billettprisar:
Ordinær: kr 250,-
Student: kr 150,- (studentbevis må framvisast)
Under 18 år: kr 150,- (NB! Må ha med seg edrueleg verge, og fylle ut vergeskjema)
You may also like the following events from Sogndal Kulturhus:
Also check out other
Music events in Førde,
Entertainment events in Førde,
Concerts in Førde.