Sivert Høyem med band//Førdehuset, 1 November | Event in Førde | AllEvents

Sivert Høyem med band//Førdehuset

Førdehuset

Highlights

Sat, 01 Nov, 2025 at 09:00 pm

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

Advertisement

Date & Location

Sat, 01 Nov, 2025 at 09:00 pm (CET)

Angedalsvegen 5, 6800 Førde

Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Sivert Høyem med band//Førdehuset
Sivert Høyem tek hausten tilbake!
Dette veit vi: Hausten skal igjen gjere kveldane mørke, og det vil kjennast godt å krype inn i Førdehuset og varme seg på Sivert Høyems mektige stemme og sterke låtar. Sivert Høyem er ein av norsk musikks fremste formidlarar, og i år legg han ut på haustturné med sitt fabelaktige band, som bidreg til at kvar konsert blir opplevd som nokoheilt ekstraordinært.

Med seg har dei låtar frå Høyems to nyaste og svært kritikarroste album: On an Island, frå 2024 – fødd i det vêrbitte menighetshuset Zoar, omgitt av hav og vind i Nyksund, og Dancing Headlights frå 2025 – ei meir elektrisk affære, som ber med seg lyden av natt og neonlys.
Låtkatalogen til Høyem rommar både stilla og stormen. Frå lågmelte, nakne songar du knapt torer puste i til dei som slår eksplosive gnistar mot mørkret, boren fram av eit band som maktar å fange opp kvar einaste kjensle og nerve.

I konsertsettet blir dei nye låtane fletta saumlaust saman med eldre perler som «Moon Landing», «Into the Sea» og «Prisoner of the Road», samt ikoniske Madrugada- klassikarar som «Majesty». Her finst ingen dødpunkter, berre essens – formidla av ein artist som lever i kvart sekund av det han syng.

Vi kan ikkje tenkje oss ein betre vegvisar inn i haustmørkret enn Høyem og hans musikalske kumpanar, og den skattkista av ein låtkatalog som dei har med seg på vegen.

Skrive om Høyems nyaste album:
«For en stemme! Rett fra hjertet og ut av høyttalerne» –
Aftenposten
«Ustoppelige Sivert slår til igjen» –
Avisa Nordland
«Det nye albumet har større tempo og intensitet [...] en lett gjenkjennelig Sivert
Høyem vi møter igjen» –
Dagsavisen

Denne kvelden blir idrettshallen gjort om til ein konsertsal. For dei som ønskjer sitje, blir det sett opp tribune bakerst i lokalet. Det blir barservering, og DJ spelar både før og etter konserten til kl. 24.00.

Aldersgrense 18 år.


You may also like the following events from Førdehuset:

Also check out other Music events in Førde, Entertainment events in Førde, Concerts in Førde.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Sivert Høyem med band//Førdehuset can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Førdehuset

Førdehuset

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Sivert Høyem med band//Førdehuset, 1 November | Event in Førde | AllEvents
Sivert Høyem med band//Førdehuset
Sat, 01 Nov, 2025 at 09:00 pm