Velkommen til eit nært og personleg møte med forfattar og omsetjar Hilde Rød Larsen i ei lun og triveleg ramme i løa på Jølstraholmen. Vertskapet byr på småmat og noko godt i glaset og det vert høve til å kjøpe signerte bøker etter samtalen.
Mange har sett Idun Losnegård si sterke tolking av historia om Lucy Barton på Teater Vestland i haust. Som Elisabeth Strout sin norske omsetjar har Hilde Rød Larsen har levd tett på Strout sine karakterar i snart eit tiår:
-Ofte får eg ei kjensle av eit nærver, som om ei anna sjel stryk forbi, i arbeidet med desse tekstane. Eg har det alltid bra når eg skriv. For meg er det å skrive ein måte å ta kontroll på og den miksen er det beste eg kan tenke meg. Eg lever eit veldig lukkeleg, om ikkje så lukrativt liv, i lag med litteraturen, seier Hilde Rød Larsen og forklarar at omsettingsarbeidet er ein stad å finne vegar vidare, om ho står fast i sitt eige skjønnlitterære arbeid.
Gleda over livet som dedikert, ja nærast desperat lesar, har vore der heilt sidan barndommen: - Den indre jubelen som kan oppstå som følgje av å dele ei leseoppleving, kan etter mi erfaring ikkje overvurderast, utfjupar ho. -Den kan ha konsekvensar langt inn i dei verkelege liva våre.
Hilde Rød Larsen er denne hausten aktuell med den andre boka i Pantalone-triologien: «I hvalens buk». – Eg prøver å vise respekt og interesse for kor dramatisk det er å leve eit heilt alminneleg liv, samstundes som eg ynskjer å drive ei form for indirekte maktkritikk på samfunnsnivå, forklarar forfattaren.
For sjølv om det skrivande livet er bra og vekslinga mellom omsetting og eige skjønnlitterært arbeid fungerer godt, er det med eit glødande raseri ho tek ordet og har ordet i si makt i denne triologien.
Velkommen til eit nært og personleg møte med Hilde Rød Larsen i samtale med informasjonsmedarbeidar på teater Vestland: Journalist, fotograf og forfattar Heidi Hattestein.
Fri inngang.
Alle som kjem er med i trekninga av to billettar til haustens siste framsyning av "Eg er Lucy Barton" på teater Vestland laurdag 18. oktober kl 18.