Det er aleine vi er. Einsemda er ein uunngåeleg del av det å vere menneske. I nokre augneblinkar kan vi likevel kjenne på fellesskap, at nokon er som oss, forstår oss, vil oss vel, vil vere her for oss. Å setje sin lit til eit anna menneske er ikkje utan risiko.
Vil du elske må du tåle å miste.
Krafta til å oppheve desse lovene og gje oss eit frirom frå frykta for einsemd og tap, finst både i litteraturen og scenekunsten. Denne hausten kan vi få oppleve korleis andre sine forteljingar kan verke slik, på oss – gjennom teater Vestland si dramatisering av Elisabeth Strout sin roman: Eg er Lucy Barton.
-Den indre jubelen som kan oppstå som følgje av å dele ei leseoppleving, kan etter mi erfaring ikkje overvurderast seier Elisabeth Strout sin omsetjar i Norge, Hilde Rød Larsen – Den kan ha konsekvensar langt inn i dei verkelege liva våre, akkurat slik som Strout skildrar det, legg ho til. Å lese Elisabeth Strout sine bøker gjev ei kjensle av nærver, som om ei anna sjel stryk forbi.
Vi ser fram til å ynskje publikum velkomne til eit nært og personleg møte med Hilde Rød Larsen før dei siste framsyningane av «Eg er Lucy Barton i Førde denne hausten.
Stad: Nynorskhuset, Røyst mat & vinhus, Foajescena.
Arrangementet er gratis og er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Rom for ord.
You may also like the following events from Teater Vestland:
- Next month, 15th November, 04:00 pm, Brørne Løvehjarte | Nynorskhuset, Førde in Førde
- Next month, 18th November, 07:00 pm, Brørne Løvehjarte | Åsane Kulturhus in Bergen
- Next month, 29th November, 08:00 pm, Finn Erix basarkonsert in Førde